Frå arkiv til levande kultur

Skuleåret 2021/2022 og 2022/2023 gjennomførte utgjevarane av Barnesongboka eit prosjekt i skulane som me kalla Kystbarnesongen – lokal folkesong i skulen. Målsetjinga var å sikre at oppveksande og framtidige generasjonar får lære lokal, klingande kulturarv. Dei lokale barnesongane var løfta ut frå arkiv og gjort tilgjengeleg i Barnesongboka, men no måtte me få folk til å ta dei i bruk.

Regionen er stor og det er avgrensa kor mange to personar aleine kan nå. Me etablerte derfor eit nettverk av musikarar, musikkpedagogar og andre interesserte der me gjennom kurs lærte dei songar, historiar med meir frå vår lokale kulturarv. Det vart også i løpet av kvart skuleår gjennomført fleire digitale og fysiske møter med fokus på innlæring av repertoar og drøfting av metodikk i prosjektet. Totalt var det 13 instruktørar/tradisjonsberarar og desse hjelpte oss deretter med å vidareformidla kunnskapen om lokale barnesongar til elevar og lærarar i Nordhordlandskommunane og kommunane sør-vest for Bergen. Målet var at alle elevane skulle lære minst 10 barnesongar med lokalt opphav som dei kunne ta i bruk i sin kvardag. Songane vart henta her frå Barnesongboka.

Gjennom prosjektet fekk alle 2. klassingane ved offentlege og private skular i kommunane Alver, Askøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Øygarden besøk av ein instruktør ein skuletime kvart halvår (haust og vår). Siste skuleåret deltok også Gulen kommune i prosjektet. På skular der klassane var små, fekk også andre klassar på småtrinnet tilbod om å delta. Desse to åra song me saman med totalt ca. 2800 born og fleire hundre lærarar og vaksne!

Opplæringa av instruktørane, samt ute i skulane føregjekk etter den gamle læremeistertradisjonen, der elevane imiterte læremeistaren. Lokale barnesongar vart formidla gjennom lytting, imitasjon og repetisjon. Ein la også vekt på samtalar med borna om korleis folk levde i det gamle bondesamfunnet. Dei var svært engasjerte når dei fekk høyra at dei før ikkje hadde straum, kjøleskap og Ipad, og dei var med på å reflektere kring kva borna då fann på i staden. Nokon instruktørar hadde med konkretar, bilete eller nytta illustrasjonar i Barnesongboka for å forklare ulike ord og uttrykk i songane. Nokon akkompagnerte på gitar eller piano, lærte ungane å dansa til songane, brukte rytmeinstrument, elevane fekk kle seg ut og så vidare.

Mellom dei to øktene med instruktøren, nytta skulane aktivt Barnesongboka for å øve vidare på songane, og svært mange skular lærte også fleire enn dei 10 songane som var planlagt. Nokre skular hadde prosjekt om gamledagar som dei knytte songane til, nokre hadde vekas song på lekseplanen, songane vart tekne i bruk i skulekor, det vart arrangert konsertar for foreldre og besteforeldre og så vidare. Lukkeleg var også instruktøren som gjekk frå eller kom til skulen, og høyrde strofer frå ein av barnesongane når borna leika! Slik fekk songane nytt liv gjennom prosjektet, og me håpar songane slik vil leve vidare når borna veks til og kan syngje dei for sine born og barneborn.

Prosjektet var mogleg å gjennomføre med økonomisk støtte frå Kulturelt utviklingsprogram (KUP) frå Vestland fylkeskommune, Minnefond etter Bygdelaget Nordhordlendingen stifta av Arne Bjørndal, Ildsjelfondet frå Sparebanken Vest, Norsk Senter for folkemusikk og folkedans (SFF) og Alver kommune. Det andre året av prosjektet fekk me også støtte frå dei impliserte kommunane med midlar frå Den kulturelle skulesekken (DKS).

Barnesongboka vert i dag aktivt nytta både av skular som har halde fram med å syngja songane på fleire trinn etter at prosjektet vart avslutta, men også av foreldre, besteforeldre og andre. Per 01.06.2024 har over 14 500 unike brukarar gjennomført over 66 500 sideoppslag! Me vonar at me gjennom revidering og utviding av boka vil kunne bidra til at enno fleire born og unge frå enno fleire kommunar får lære enno fleire songar frå sitt område.