Eg er so glad kvar jolekveld

Magnus Monsen Vetlejord (1901-1981)

vart fødd i Eksingedalen. Han var son til Mons Olavsen Vetlejord (1847-1940) og Maria Larsdotter Øvre Helland (1860-1965). Magnus gjekk på skule i Eksingedalen, og reiste sidan ut og tok handelsskule. Han vart handelsdreng og sidan handelsstyrar i Eksingedalen, Ytre Arna, Lærdal, samt i Valestrand på Osterøy. På Osterøy arbeidde han også som kontormann i Osterøy Elektrisitetsforsyning. Vetlejord bygde hus på Reigstad ved Valestrand (Lillejord, 1984). Han gifta seg med Anna Lavik Vetlejord (1899-1979) i 1933. Dei fekk to born. Anna var dotter av Anders Andersson Lavik (1855-1930) og Kari Larsdtr. Yksendal (1856-1916), som begge kom frå og var busett i Eksingedalen. Både Anna og Magnus Monsen Vetlejord er gravlagde ved Hamre kyrkje.

Arne Bjørndal skreiv i 1936 ned tonen til den religiøse folketonen «Eg er så glad kvar» etter Magnus Vetlejord frå Eksingedalen. Noten er arkivert ved Arne Bjørndals samling under «Musikk i Nordhordland» nr.872, og i registreringa kan det sjå ut som at Bjørndal har notert den ned etter Lars Bjørgo (1902-1949), som har framført den slik han har lært den av Magnus Vetlejord. (Du kan lese meir om Lars Bjørgo under «So, ro godt badn» her i Barnesongboka).

«Eg er so glad kvar jolekveld» er ein kjent og kjær julesong for mange og det finst fleire ulike variantar av melodien. Teksten er skriven i 1859 av den norske forfattaren Marie Wexelsen (1832-1911). Den vart omsett til nynorsk av Bernt Anker i 1906.

Previous
Previous

Det e` brann, sa Johan

Next
Next

Et barn er født i Betlehem