Gulldronning, Perledronning

Solveig Lohne (1931-2015)

kom frå Osterøy og var fødd Hartveit. Ho vaks opp i ein heim der gamle tradisjonar stod sterkt. Faren hennar, Sjur Hartveit (1897-1977), restaurerte gamle bygningar og kyrkjer. Han var også med å byggja opp Osterøy museum. Mora, Gerda Hartveit (1898-1987) var svært oppteken av å få på plass ein eigen Osterøy-bunad. Mora var også svært opptatt av song, og innsamlaren Arne Bjørndal var på besøk og intervjua henne. Solveig flytta heimanfrå som 15-åring. Difor hugsa ho best barnesongane. Dei delte ho ivrig med etterslekta (Horvei, 1998). «Gulldronning, Perledronning» er hennar bidrag til songboka vår. Innsamlar er Turid Spildo Nerdrum, 1992, og den er nedteikna av Einar Mjølsnes, 1997.

«Gulldronning, Perledronning» finn me i bondeforteljinga Synnøve Solbakken (1857) av Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910). I første kapittel kan ein lesa at Torbjørn tek veslesyster Ingrid på fanget og seier: «Vi To skal lege Gulddronning i Enge, vi!» (Bjørnson, 1857:10) og så syng han denne teksten som startar med «Vesle Blomme, Enge-Blomme, hør nu lidt paa mig» osb. Innhaldet i teksten er elles er svært likt teksten etter Solveig Lohne. Vers to startar med «Gulddronning, Perledronning». Ein kan undre seg over om Bjørnstjerne Bjørnson har dikta denne leiken som ein del av historia si og at denne så har vandra ut i folkekulturen, eller om han har teke den frå folkekulturen og inn i historia.


Illustrasjon: Gunnhild Sandhåland

Illustrasjon: Gunnhild Sandhåland

Previous
Previous

Et barn er født i Betlehem

Next
Next

Hannemann oppi Fagerli