Huldræ site på steinæ
Sigrid Almelid (1843-1936)
var fødd og oppvaksen på Almelid i Modalen. Ho er registrert som «Siri» i bygdeboka for Modalen herad (Lillejord, 1984:218). Foreldra hennar var Nils Hansson Almelid (1789-1860) og Anna Gulleiksdotter Straume (1812-1900). Sigrid vart aldri gift, og budde hjå syster si Brita Nilsdotter Lavik (1850-1936) på Lavik i Eksingedalen. Brita var gift med Andres Johannesson Lavik (1852-1941). Andres var stortingsmann og ordførar ei tid. Det var truleg mykje song og musikk på Lavik, då Andres formidla mange gamle folkeviser og segner etter systra til bestefar sin, Maria «Store-Marjo» Johannesdotter Lavik (1798-1860). Desse vart nedteikna av mellom anna Arne Bjørndal og Lars Eskeland (sjå m.a. Eskeland, 1938). Andres og Brita var besteforeldra til mellom anna Brita Johannesdotter Lavik (1903-1977), som seinare vart kona til Lars Bjørgo (1902-1949). Han er kjelde for bånsullen «So, ro godt badn» her i Barnesongboka. Sigrid var såleis grandtanta hennar, og ein kan sjå av folketeljinga i 1910 at Sigrid budde på garden saman med Brita (f.1903) og familien hennar.
Arne Bjørndal samla inn songar og feleslåttar i Eksingedalen i 1930-åra. Det er truleg at han på ein av desse turane kan ha møtt både Lars Bjørgo og Sigrid Nilsdotter Almelid og har intervjua dei. Arne Bjørndal teikna ned denne geitelokken på notar etter Sigrid Almelid i 1936. Dette var same året som ho døydde. Den er registrert under «Musikk i Nordhordland» nr.857. Ein har ikkje funnet fleire songar etter Sigrid, men Bjørndal har notert ned songar etter både Brita og Andres J. Lavik same året.
«Huldræ site på steine» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. Hjå Støylen er ein versjon som heiter «Gygra sette seg på ein stein» frå Voss (Støylen, 1899). På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma. (Horvei, 1998). Ho song og nytta ropeord, til dømes «kobma no» (kom no) når ho ropte på kyrne, eller «tysa, tysa» når ho ropte på sauene. Ho kalla dyra ved namna deira, og tralla gjerne også ein slått eller ein annan melodi innimellom. Ho brukte kraftig røyst, og songen bar langt av garde. Dyra kjente att lokken og stemma hennar. Det hendte også at budeiene lokka og song beskjedar mellom dei ulike stølane. Nokre stadar i landet er dette kjent som laling/huving. Nokon meinte at lokkane var magiske og kunne skremma dei underjordiske, samt dei kunne også skremma rovdyr. Me gjenkjenner geitenamna og skildringane av geitene frå fleire av geitelokkane her i Barnesongboka, samt frå «Bånsull» etter Olav Midtbø frå Masfjorden.
Illustrasjon: Mia Madelen M.M. Skulstad Edvardsen