Storavikamærræ
Per Hundvin (1887-1965)
vart fødd og budde på Hundvin i Lindås (no Alver kommune). Han var bonde på heimegarden som hadde vore i ætta sidan 1600-talet. Per var den eldste av tre brør, og musikkinteressa arva han etter mora, Gjertrud K. Hundvin (1863-1955), som kunne mange folkesongar (Horvei, 1998). Fele byrja han å spele då han var 6 år og han fekk gå i lære hjå meisterspelaren Ola Mosafinn. Per var også ein dugande hallingdansar. Elles var Per ein god rimsmed. Han lagde mange tekstar og sette melodiar til (mellom anna «Bånsull» som ein kan høyra på CD-en «Kvilestein» med Kjersti Wiik). Per Hundvin var kristen av det frilynte slaget. Han ivra for å få setje opp Hundvin kyrkje. Denne stod klar i 1936. 1.juledag i 1964 fekk han oppleve å spele julesongar på hardingfele i kyrkja saman med organisten Arngunna Helene Wiik. (Noko som forfattaren av desse orda minnest. Sjå elles informasjon om Arngunna Helene Wiik her i Barnesongboka). I tillegg til å drive gard, arbeidde Per også som heradskasserar og lensmannsfullmektig.
Per Hundvin lærte «Storavikamærræ» hjå mor si som brukte den som voggesull. Han song den inn til Arne Bjørndal i 1958. Per er også kjelde til «Reven sat i sete» og «Ima Grima» i denne digitale boka.
«Storavikamærræ» er eit lite barnevers fullt av tøysete ord! Me gjenkjenner nokre av dei frå verset «Tassa, tassa geitæ» etter Gunnhild Steinsland frå Modalen, som også er å finna her i Barnesongboka. Ein kan sjå dei som to variantar av ein song, då dei er ganske like i tematikken. Per og Gunnhild kom frå ulike stadar og me får såleis ulike utgåver av songane. Det gjer folkesongen unik.
Illustrasjon: Sarah Sæther Øyerhamn