Vedatjuven og Smalatjuven

Haakon Aase (1949-2024)

vaks opp og var busett på eit gardsbruk på Litlebergen i Meland/Alver. Han jobba mange år i industrien i Bergen, men hadde óg ei akademisk utdanning i faga norsk, historie og pedagogikk. Om lag dei siste tjue år var han sjølvstendig næringsdrivande innanfor tradisjonshandverket tørrmuring. Der dreiv han mykje med opplæring og rettleiing, i tillegg til å gjennomføra mange praktiske prosjekt. Haakon fekk si fyrste musikkopplæring i notelesing og kornett i Juniormusikken til "Skala" på Frekhaug. Han hadde aldri teke noko formell musikkutdanning, men det var stor musikkinteresse på Litlebergen. Haakon kom frå ein musikalsk familie og far og bestefar var mellom anna med å skipa Meland Musikklag i si tid. Ein bror av bestefar var dirigent for fleire kor på øya og ein annan var ein habil felespelar. Då Haakon var om lag ni år byrja han å spela trekkspel og han fekk etter kvart lære denne kunsten av fleire. Far hans hadde også spela trekkspel tidlegare. Trekkspel var populært og vart brukt mykje i populærmusikken, så Haakon fortalte at det var lett å få jobbar som spelemann i bryllaup, festar og alle slags tilstellingar. Haakon heldt seg til trekkspelet og spela på ulike konsertar og tilstellingar heilt fram til det siste. I vaksen alder byrja han å syngja i kor. Haakon var ein aktiv målmann og var leiar i Meland Mållag.

«Vedatjuven» er eit slåttestev til reinlendaren «Sjuaren», eller også kalla «Rugen». Slåtten har fått namna sine frå to kjende turdansar. Haakon fortalte at han lærte songen av far sin, Haakon Aase (1902-1988). Han fortalte at dei på garden var ganske sterkt orienterte mot Bergen og bykulturen, men at far hans definitivt var i begge leirar. Haakon trudde at faren heilt sikkert lærte songen lokalt, kanskje av tenestefolk. Haakon minnast at dei stod og sette poteter i ein åker som låg på veg opp imot utmarka og korleis faren då song: «Og slik var det mange gonger: Han berre begynte å syngja, rett som det var, utan noka innleiing. «Vedatjuven» festa seg hjå meg med ein gong. Elles hugsar eg at han song Kråkevisa» (frå skriftleg utveksling, mai 2020). Songen er også å finna i boka Syng sjøl (Johnsen, 2004). Du kan også finna fleire slåttestev til denne melodien i den digitale folkesongboka vår.

«Smalatjuven» er eit anna slåttestev til reinlendaren «Sjuaren»/ «Rugen». I samband med ein konsert Kjersti Møllerup Wiik deltok på i Matre i Masfjorden, kom det ein person bort etterpå og lærte ho denne teksten. Ein hugsar også at denne tekstversjonen vart brukt i Meland.

Det finst fleire tekstvariantar til denne slåtten. Jacob Seljelid song om «Rojen» (rugen) og «Pust, pust, palebrok og pust» (sjå desse).


Illustrasjon: Sanna Bratshaug Antonsen

Previous
Previous

Tassa, tassa geitæ

Next
Next

Vesle Ola