
Velkomen til Strilakultur.no
Du har no kome til ein digital plattform for strilakultur. Me håpar dette kan verte ein ressurs for å vidareformidle historia om strilane, deira song, musikk, dans, ord og uttrykk, skikkar og anna. Ved å vita noko om korleis folk før oss tenkte og levde, får me kunnskap og moglegheit til å reflektere over kva som er likt og ulikt før og no. Me trur at gjennom å forstå fortida, vil me betre kunne forstå vår eiga tid og betre forvalta ressursar for framtida.
Først ut i dette arbeidet er ei digital barnesongbok. Her kan du verta kjent med og lære deg songar frå vår lokale folkesongskatt. Gjennom hundrevis av år har desse songane vandra frå ein generasjon til den neste i kysttraktene kring Bergen, og akkurat no har songane kome til deg! Me håpar du får like stor glede av songane som me har og som me veit at våre forfedre har hatt før oss.
I 2020 vart det publisert 30 songar som kjem frå Fedje i nord til Øygarden i sør (tidlegare Sund, Fjell og Øygarden kommune), frå Austrheim, Alver (tidlegare Meland, Lindås og Radøy kommune), Masfjorden, Osterøy og Askøy.
Alver bibliotek, sjå nettsida Nordhordlandsbiblioteka, overtok frå 01.06.2021 ansvar for drift og vedlikehald av nettsida.
I 2024 vart ytterlegare 41 songar publisert. Nokre av dei kjem frå kommunar som allereie var representert med songar i Barnesongboka, men i tillegg vart det lagt til songar frå fleire kommunar kring Bergen; frå Modalen, Vaksdal, Samnanger, Bjørnafjorden (tidlegare Fusa og Os kommune) og Austevoll. Dette er typiske øy- og fjordsamfunn der hovudnæringa frå gamalt av har vore jordbruk og fiske. Området vert kalla «Strilelandet» og ein bebuar her vert omtala som «stril» (havstril eller fjordstril). Det er også songar frå bydelar i Bergen som tidlegare vart rekna til strilelandet (Arna, Fana og Laksevåg (tidlegare Askøy). Me har samla nokre av dei gamle songane til strilane i denne boka. Me har også funne plass til nokre songar frå Gulen, då kommunen langt tilbake i tid har vore knytt til regionen gjennom mellom anna handel med Bergen på same måte som strilane her.