Å vetle gut`n i lio lurra

Sigrun Dale (f.1945)

vaks opp på Hugnastad i Modalen kommune. I sin barndom hadde familien eit fem års opphald på Svenheim i Osterøy. Sigrun gjekk dei to første åra i skulen der. Då mora, Maria Hugnastad Farestveit (1920-2014), hadde odel på garden heime, flytta familien tilbake til Hugnastad. Sigrun fekk då 8 år i skulen i Modalen. I ein periode tok ho vidareutdanning på Voss, men flytta attende til heimkommunen og gifta seg med Knut Dale (1925-2007). Sigrun jobba i butikk og på ulike kontor. Ho har alltid vore glad i å syngja og har sunge i Modalskoret og Osterklang i mange år. Mora hennar, Maria, har påvirka henne mest når det gjeld tradisjonssong.

«Å vetle gut`n i lio lurra» finst i mange variantar i gamle Hordaland fylke. Her i boka finn du også «Den vesle gut´n i lie lurra» etter Anders N. Askeland frå Haus på Osterøy. Songen er eit nystev. Nysteva har vorte dikta etter 1700-talet. Eit nystev er kjenneteikna av at det er fire linjer i kvar strofe, der det er enderim i første og andre verselinje, og tredje og fjerde verselinje. Då kvar strofe i eit nystev har same tal trykklette/tunge stavingar, kan ein syngje ulike nystevtonar til same teksten, eller syngja ulike nystevtekstar til same tonen. Du kan til dømes prøva å syngja tonen du har lært til «Den vesle gut`n» til Aasmund Olavsson Vinje sin tekst «Den dag kjem aldri», som også er eit nystev.

Previous
Previous

Å korføre hev du no stelt deg so