Anne Malene på kalosjene sprang

GISKEN NYGÅRD (f.1954)

er oppvaksen på Nyborg i gamle Åsane kommune (samanslått med Bergen kommune i 1972). Ho vart tidleg med i skulemusikken på Nyborg og var med å stifta Nyborg Ungdomskorps (i dag Nyborg Brass). I sin barndom og ungdom song ho i koret «Unge Røster» og gjekk på leikarskeid i Åsatun (Ungdomslaget). Etter Examen Artium, tok Gisken musikkutdanning på Bergen Lærarhøgskule. Ho lærte seg å spele piano, walthorn, lur og seljefløyte. Gisken fekk også songopplæring. Ho tok også vidareutdanning i spesialpedagogikk med meir. Etter fullført lærarskule, flytta ho for ein periode til Brensholmen i Troms, der ho var lærar. Sidan flytta ho og mannen, Arne Reinhard Vågenes (1952), attende til Bergen der dei har budd i Morvik, Fyllingsdalen og Laksevåg.

Gisken har vore særs tverrfagleg kulturinteressert. Ho har sunge i og dirigert mange kor opp gjennom åra, spelt i Opera Bergen sitt orkester, vore organist i Hillesøy kirke i Troms, undervist i Bergen kommunale musikkskule og vore lærar i grunnskule og i spesialskule. Ho har også reist rundt med ulike program i skular, barnehagar og på aldersheimar. Gisken har ei levande interesse for lokalkultur og er ei oppkome når det gjeld lokalhistorie. Ho syr bunadar, samlar på gamle ting og ho og mannen har totalrestaurert huset dei bur i. Dette vart bygd i 1889.

Gisken Nygård har hatt mange inspiratorar opp gjennom åra. Ei av dei var organist Astrid Ivers i Åsane kyrkje. Sin folkemusikalske tradisjon har ho frå Loneområdet på Osterøy. Spesielt har mora, Gunda Lohne Nygård (1921-2011), som kom frå Osterøy, inspirert Gisken og gjeve henne innblikk i den lokale klingande folkekulturen. Mormor Rakel Lohne (f. Hatland Skistad, 1888-1963) og morfar Johan Ludvig Lohne (f. Lundin, 1889-1958) har også vore viktige kjelder for Gisken. Ho har også arbeidd mykje med songar frå Åsane, Fyllingsdalen og Laksevåg, samt «inntil-vegge-leikar» og songar. Gisken Nygård har delteke som instruktør i prosjektet vårt «Kystbarnesongen – lokal folkesong i skulen».

I november 2023 delte ho fleire songar frå Laksevåg med innsamlaren Kjersti Møllerup Wiik.

Laksevåg er i dag ein bydel i Bergen kommune, men heilt fram til 1800-talet var Laksevåglandet ei bygd prega av jordbruk og fiske (Fossen, 1984). Slik som strilane frå bygdene kring Bergen, reiste Laksevågfolket til byen for å selje varene sine – gjerne til ein bondehandlar som selde varene vidare, men dei selde også fisk, kjøt og meieriprodukt direkte til kundar på Torget. Der byta dei også fisk i korn frå fjordbygdene (Fossen, 1984:239).

«Anne Malene på kalosjene sprang» finst i fleire variantar. Melodien er «Gammel Jægermarsj» som har vore mykje brukt og spelt kvar einaste 17.mai av korps i heile Noreg i meir enn 100 år. Dirigent Ole Olsen arrangerte marsjen etter ei melodilinje som var nedteikna ved slutten av 1700-talet, og innførte marsjen i forsvaret i 1888. Det finst mange arrangement av gamal dato på marsjen. Keisar Wilhelm hadde med seg eit korps med 40 musikarar då han gjesta Noreg (og paraplymeister Erichsen på Laksevåg) mellom 1889 og 1914. Marsjen vart spelt når dei var i land. Teksten er «komen rekande på ei fjøl». Den har blitt til eller tilpassa Bergen. Det finst også tekst på marsjen frå Haugesund. (Jfr. kjelde Gisken Nygård).

Illustrasjon: Ayleen Gaustad Silchenstedt

Next
Next

Bitteliten Ole