Bitteliten Ole

REIDUN H. DRØNEN (f.1947)

er fødd i Austevoll og har budd der heile sitt liv. Ho vaks opp med faren Ole Haukanes (1907-1981) og mora Marta Albertine Bratten (1906-1993). Ho var den yngste i ein syskenflokk på 6. Reidun gjekk på fådelt skule, og skildrar barndomen som god.

Reidun har arbeidd som husmor og gardsarbeidar. Ho har også hatt Austevoll omsorgssenter som sin arbeidsplass. Reidun har teke litt pianoundervisning og er notekunnig. Ho har sunge i kor i 17 år. Reidun var gift med Bård Johan Drønen (1934-2018). Ho har vore glad i å strikke og sy og lage mat. Reidun sat også i Austevoll kommunestyre i 2 periodar frå 1995-2003. Aktiv som ho er, er ho no medlem av Eldrerådet i kommunen og pensjonlistlaget.

I april 2024 song Reidun inn denne vesle barnesongen og nokre andre små regler og barnesongar til Kjersti Møllerup Wiik.

«Bitteliten Ole» har me ikkje høyrd i denne versjonen før og me har heller ikkje høyrd andre kjelder kring Bergen syngja den. Me kjenner likevel att innhaldet i teksten frå mellom anna barneverset om «Lille Petter Nilken» frå Agder (lært av Frode Nyvold), og den skal også vere kjent som «Lille Petter Nilsen» andre stadar i landet. Det finst også ein variant om «Lille Pusekatten» (Hauge, 1999:28).

Previous
Previous

Anne Malene på kalosjene sprang

Next
Next

Bordvers på julekvelden