Bordvers på julekvelden
Magnhild Jordal (f. Kvamme, 1914-2008)
vart fødd på Kvamme, Tveiten i Alversund. Ho var dotter av Anders Hansson Kvamme (1880-1968) og Kari Rasmusdotter Lygre Kvamme (1874-1944). Magnhild gjekk i grunnskule, framhaldskule og i ungdomsskule. Ho lærde å spela orgel hjå lærar Støyva som kom frå Nordfjord. Magnhild lærde seg notar, og spelte også piano og gitar. Ho var svært flink å syngja. Ho hadde ein stødig og fin tone, og kunne svært mange songar. Songinteressa gjorde at ho var med i kor i om lag 50 år. Magnhild var også særs interessert i veving. Alt i ung alder vov ho mykje. Denne interessa tok ho opp att på sine eldre dagar. Ho vov mange åkle i Nordhordlandstradisjon.
Magnhild gifta seg i 1939 med Olav Jordal (1912-1986). Han vart lensmann i Lindås. Dei hadde eit lite småbruk på Tveiten. Magnhild og Olav fekk 5 born. Ho var ei travel heimearbeidande kone og mor. Ho hadde også stort hjarta for hjelpearbeid og misjon. Ho starta og dreiv «Stjerneklubben» i mange år. Denne barneforeininga var for born som ville vera med å lage ymse gevinstar og halde basar til inntekt for hjelpetrengjande og misjon. Det er mange som har fått glede av arbeidet Magnhild og borna gjorde i foreininga.
Magnhild song inn mange religiøse songar, bordvers for jul- og nyttårsafta, barnesongar og skillingsviser til innsamlar Kjersti Møllerup Wiik i 1995, 1996 og 1998. Desse er å finna på Arne Bjørndal samling i Bergen.
«Søde Jesus, Davids rot» fortalte Magnhild Jordal at dei song som bordvers på julekvelden. Familien hennar song dette bordverset og deretter las far hennar juleevangeliet. Slik var det også hjå mange andre familiar i Nordhordland, og truleg har dette verset vorte nytta her allereie på 1700-talet.
Teksten er skriven av den danske salmediktaren Thomas Kingo (1634-1703) i 1689 og finst som fjerde vers av salmen «Store Gud og Frelsermand» i Kingo salmebok frå 1699 (Kingo, u.å:59) og nr.122 i Landstad`s Salmebog (Landstad, 1881). Salmen står begge stadar under fjerde søndag i advent. Verset vert framleis nytta i Danmark og står som nr.92 i Den danske salmebog (2024), samt som 4.vers i nr.91. Melodien som Magnhild Jordal nytta til bordverset finn me i Norsk Salmebok (2013) som nr.642; «Jeg er frelst og dyrekjøpt». Dette er ein gamal melodi frå 1400-talet, brukt av bøhmiske brødre i 1544 og i byen Frankfurt am Main i Tyskland i 1589. Ein finn også verset i Salmer og sanger for folkeskolen utgitt av skulestyret i Trondheim i 1912 (Svensen, 1912).