Byssa lulla leia

SESILIE REISTAD (1866-1958)

var fødd på Helgatoni i Samnanger. I ulike kjelder finn ein namnet hennar både som Sesilie, Cecilie, Ceselie og Seselia. Ho flytta seinare til Gjerde, «Nikkeneset» og Reistad. Foreldra hennar var Helge Nilsen Gjerde (1836-1931) frå Kvittingen i Samnanger og Margreta Olsdotter Gjerde (1834-1911) frå Langhelle i Vaksdal. Sesilie vart i 1890 gift med Torgils Johan Nilsen Reistad (1866-1956) frå Samnanger. Han var målarsvenn i Minnesota frå 1906-1908. I folketeljinga for 1910 budde Sesilie og Torgils på Reistad (Framnes) og hadde 7 born. Han arbeidde då som målar.

Arne Bjørndal gjorde opptak med Sesilie Reistad i Samnanger i juli 1954. Ho song då inn fleire religiøse folketonar, ei gjetarvise og nokre barnevers. Desse er i dag arkivert ved Arne Bjørdals samling i Bergen.

«Byssa lulla leia» er eit barnevers som finst i mange variantar. Melodien finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær». Den er også brukt av kjente forfattarar, til dømes til «Bekken går i enge» («Renlighed») av Henrik Wergeland (Wergeland, 1850) og «Kveld-sang for Blakken»/ «Fola, fola Blakken» frå Nordahl Rolfsens lesebok (Rolfsen, 1906). Også her i Barnesongboka finn me denne melodien i fleire variantar, til dømes til «Ro, ro te Baltaskjer» etter Anna Utne frå Sund, «Ro, ro på fjord`n» etter Jenny Mathilde Olsnes frå Fedje, «Ro, ro te Siraland» etter Ingeborg Mjanger frå Masfjorden og «Ro, ro Ralte» etter Mariann Andresen frå Austevoll.

Previous
Previous

Bordvers på julekvelden

Next
Next

Både røtto og reven og gris’n