Bånsull
MIDTBØ-SLEKTA
Stundom vert me usikre på om materiell me finn på arkiv kan vere feilmerkte. Me har funnet ei notenedteikning på Arne Bjørndals samling med denne bånsullen nedteikna i 1917 i Masfjorden etter Olav Midtbø. Så har me fått i hende ei notenedteikning gjort av Rolf Hagen i 1979. Denne er nedteikna etter Olav Midtbø (1906-1989), som er son til Ola Rasmusson Midtbø (1877-1950) frå Masfjorden. Songane frå 1917 og 1979 er ganske like, men ikkje heilt. Me veit ikkje kor tid Olav Midtbø som var kjelde til versjonen i 1917 var fødd, men kan det vere Olav Midtbø (1906-1989) som allereie som 11-åring var kjelde for songen til Bjørndal? Det er lite truleg, men var det då faren til Olav, Ola R. Midtbø (1877-1950) som var kjelde? Det er meir truleg, då Bjørndal skreiv ned mange songar etter han. Samstundes synst me det er underleg at Bjørndal skreiv Olav, då han elles merka songane han nedteikna etter faren tydeleg med «Ola R. Midtbø». Under kan du lesa teksten Arne Bjørndal si nedteikning etter det me meinar må vera Ola R. Midtbø i 1917 og teksten nedteikna etter Olav Midtbø i 1979. Tidas tann bit merke i alt. Også når det gjeld kulturuttrykk.
Teksten frå 1979 etter Olav Midtbø:
Byssam, byssam bane på bora.
Kyra i flora,
krusa i omna,
hain far hain bles i hoinna,
ho mor ho leidde brura heim,
ho syster gjekk på bakkjen,
kailla aille ville geit`na or skogja.
Fyst kom den kvita,
so kom den blåa,
ho Ila, ho Lokka,
i korkeleta sokka,
med trippasko og perleband,
og hei spela geit`na te Goa. i korkelita sokka
Teksten frå 1917:
Bisse, bisse badne på bora,
kyra i flora,
krusa i omna,
han far han bles i hodna,
ho mor ho leidde brura heim,
ho syster gjekk på bakkjen og
kadla adla vidla geitna or skogja.
Fyre kom den kvita,
og sia kom den gråa,
so kom den bleika,
og ette kom den blåa,
ho Ila og ho Lokka,
me teppesko og perleband,
og hei spela geitna te goa.
OLA RASMUSSON MIDTBØ (1877-1950)
vart fødd og budde på garden Midtbø på Hosteland i Masfjorden kommune. Han var odelsgut. Etter folkeskulen gjekk han på Stend jordbruksskule i Fana. Han overtok heimegarden, og gifta seg med Sygni Kjellbu i 1903. Som Arne Bjørndal skreiv i Frå Fjon til Fusa i 1952 var Ola R. Midtbø «ein omframt gåverik, gløgg og kunnskapsrik mann, og det var emne i han til noko meir enn berre bonde å vera.» Midtbø blei ved sin lest. Han var særs kulturinteressert og spelte fele og song. Bestemora og mora var inspirasjonskjelder for Ola R. Han fekk ikkje noko musikalsk skulering, men var særs interessert i klingande kulturarv. Han var også mykje med i det lokale organisasjonslivet. Ola R. Midtbø hadde stor interesse for historiefaget og spesielt lokalhistorie. Arne Bjørndal og Ola R. Midtbø var gode vener og Ola R. var nok ei særs god kjelde for Bjørndal mht. innsamling av folkeminne i Masfjorden. Han kom også tidleg med i arbeidet for Norsk Ordbok og Norsk Maalførearkiv.
OLAV MIDTBØ (1906-1989)
var eldstesonen til Ola R. Midtbø. Han var utdanna lærar og arbeidde som lærar på Andvik i 1945. Seinare vart han skulesjef i Masfjorden. Han gifte seg med Bergljot Nordland frå Andvik i Masfjorden (1920-1998). Olav spelte ikkje noko instrument sjølv, men han hadde ei uvanleg god songrøyst vert det sagt. Han var med i Songlaget Fjordklang i kommunen og han lytta til og lærde av faren sin når han song. Såleis kunne Olav vera ei god kjelde for svigersonen sin, Rolf Hagen (1931-1993), som nedteikna songar som hadde gått i arv i familien.
ROLF HAGEN (1931-1993)
vart fødd i Odalen. Han hadde lærar og musikkutdanning, og var musikklærar ved Notodden lærarskule i mange år. Rolf var dirigent, og arrangerte ofte musikk sjølv for korpsa og kora han dirigerte. I Masfjorden starta han opp Songlaget Fjordklang, Sandnes Skulemusikk og seinare Masfjorden musikkskule der han var rektor. Då han og kona Lovisa Midtbø (f.1946) flytta til Masfjorden, kom han for alvor inn i Midtbøfamilien. Han vart såleis kjend med kva klingande immaterielle skattar som svigerfaren Olav Midtbø var bærar av. I 1979 skulle Masfjorden feira sitt 100 års jubileum som kommune. Det vart laga eit kulturprogram i det høvet, og mange av Olav sine songar vart nedteikna av svigersonen Rolf Hagen. Vi har valt å ta med Rolf si nedteikning av «Bånsull» frå Masfjorden.
«Byssam, byssam badne på bora» er ein voggesong/bånsull og ein skaper tryggleik gjennom å syngja om det kjente og kjære kring barnet; om foreldre, søsken og dyra på garden. Rolf Hagen har notert seg at den er skriven ned på Nordbygdadialekt (frå Masfjorden). Tradisjonen med å plassere vogga på bordet, grunna at sengene var så høge, er gamal og heldt seg mange stadar i landet utover 1800-talet (Grøvik, 1975:250). Songen har truleg derfor røter langt tilbake i tid. Referansen til å blåse i horn peikar også mot at den er gamal. Me gjenkjenner geitenamna og skildringane av geitene frå fleire av geitelokkane her i Barnesongboka, m.a. «Huldræ site på steinæ» etter Sigrid Almelid (Modalen).