Båten som vi seiler med

GISKEN NYGÅRD (f.1954)

er oppvaksen på Nyborg i gamle Åsane kommune (samanslått med Bergen kommune i 1972). Ho vart tidleg med i skulemusikken på Nyborg og var med å stifta Nyborg Ungdomskorps (i dag Nyborg Brass). I sin barndom og ungdom song ho i koret «Unge Røster» og gjekk på leikarskeid i Åsatun (Ungdomslaget). Etter Examen Artium, tok Gisken musikkutdanning på Bergen Lærarhøgskule. Ho lærte seg å spele piano, walthorn, lur og seljefløyte. Gisken fekk også songopplæring. Ho tok også vidareutdanning i spesialpedagogikk med meir. Etter fullført lærarskule, flytta ho for ein periode til Brensholmen i Troms, der ho var lærar. Sidan flytta ho og mannen, Arne Reinhard Vågenes (f.1952), attende til Bergen der dei har budd i Morvik, Fyllingsdalen og Laksevåg.

Gisken har vore særs tverrfagleg kulturinteressert. Ho har sunge i og dirigert mange kor opp gjennom åra, spelt i Opera Bergen sitt orkester, vore organist i Hillesøy kirke i Troms, undervist i Bergen kommunale musikkskule og vore lærar i grunnskule og i spesialskule. Ho har også reist rundt med ulike program i skular, barnehagar og på aldersheimar. Gisken har ei levande interesse for lokalkultur og er ei oppkome når det gjeld lokalhistorie. Ho syr bunadar, samlar på gamle ting og ho og mannen har totalrestaurert huset dei bur i. Dette vart bygd i 1889.

Gisken Nygård har hatt mange inspiratorar opp gjennom åra. Ei av dei var organist Astrid Ivers i Åsane kyrkje. Sin folkemusikalske tradisjon har ho frå Loneområdet på Osterøy. Spesielt har mora, Gunda Lohne Nygård (1921-2011), som kom frå Osterøy, inspirert Gisken og gjeve henne innblikk i den lokale klingande folkekulturen. Mormor Rakel Lohne (f. Hatland Skistad, 1888-1963) og morfar Johan Ludvig Lohne (f. Lundin, 1889-1958) har også vore viktige kjelder for Gisken. Ho har også arbeidd mykje med songar frå Åsane, Fyllingsdalen og Laksevåg, samt «inntil-vegge-leikar» og songar. Gisken Nygård har delteke som instruktør i prosjektet vårt «Kystbarnesongen – lokal folkesong i skulen».

I november 2023 delte Gisken fleire songar frå Laksevåg med innsamlaren Kjersti Møllerup Wiik.

Laksevåg er i dag ein bydel i Bergen kommune, men heilt fram til 1800-talet var Laksevåglandet ei bygd prega av jordbruk og fiske (Fossen, 1984). Slik som strilane frå bygdene kring Bergen, reiste Laksevågfolket til byen for å selje varene sine – gjerne til ein bondehandlar som selde varene vidare, men dei selde også fisk, kjøt og meieriprodukt direkte til kundar på Torget. Der byta dei også fisk i korn frå fjordbygdene (Fossen, 1984:239).

«Båten som vi seiler med» er eit barnevers som handlar om dei gamle ferjene som frakta personar som skulle på jobb frå Laksevåg til Bergen over Damsgårdsundet. Opprinneleg var det ein fløttmann (ferjemann) med robåt som rodde folk over, men etter kvart kom det dampbåtar.

Louise byrja å gå frå Indre Laksevåg i 1865. Nokre av dei andre ferjene som gjekk der frå var Oldernæs, Laxevåg, Damsgaard og Bergen. Per («Natt-Per») og Pål gjekk frå Gyldenpris frå 1916, medan Uren gjekk frå Uren frå 1918 (jf. notenedteikning av Anne Sofie Moe og Gisken Nygård). Gisken lærte songen hjå mor si, Gunda Lohne Nygård (1921-2011).

Vi kjenner i dag til ikkje songleikane sitt opphav, men dei kom truleg til Norden på 15-1600-talet. Leikane har endra seg over tid, og nokon har tatt form som «Inn-til-vegge»-leikar i Bergen. Borna har til alle tider sunge, og dei har omdikta både ord og tonar undervegs. Slik har songane vorte omforma mange gonger. Leiken og songen var svært populær og kunne høyrast i Bergens gater godt fram på 1960-talet. Sidan har uttrykket dabba av. Anne Sofi Grieg Moe eller Annefi Moe (1924-2024) som ho kalla seg, gjorde eit stort arbeid med å samla inn, nedteikna og utgje songane i bokform. Det første heftet kom i 1976 og hadde tittelen «Inn-til-vegge». Sangleker i Bergen. Ein variant av «Båten som vi seiler med» står også i Annefi si bok (Moe, 1976).

Illustrasjon: Torstein Enger-Espetvedt

Previous
Previous

Bånsull

Next
Next

Den vesle gut’n i lie lurra