Den vesle gut’n i lie lurra
Anders N. Askeland (1857-1930)
var frå Søre Askeland i Haus på Osterøy. Han var lærar i Egersund og Tjømøy. Han kom aldri attende til heimbygda etter at han flytta. Folkesongsamlaren Arne Bjørndal gjorde nedteikning med han i 1915 (Horvei, 1998). Hans bidrag til songboka vår er «Den vesle gut'n i lia lurra».
«Den vesle gut`ni lie lurra» finst i mange variantar i gamle Hordaland fylke. I denne boka finn du også «Å vetle gut`n i lio lurra» etter Sigrun Dale frå Modalen. Songen er eit nystev. Nysteva har vorte dikta etter 1700-talet. Eit nystev er kjenneteikna av at det er fire linjer i kvar strofe, der det er enderim i første og andre verselinje, og tredje og fjerde verselinje. Då kvar strofe i eit nystev har same tal trykklette/tunge stavingar, kan ein syngje ulike nystevtonar til same teksten, eller syngja ulike nystevtekstar til same tonen. Du kan til dømes prøva å syngja tonen du har lært til «Den vesle gut`n» til Aasmund Olavsson Vinje sin tekst «Den dag kjem aldri», som også er eit nystev.