Hansemann i skogen

Terje Fromreide (f. 1950)

er fødd og oppvaksen på Fromreide, Kjerrgarden på Askøy. Han er framleis bussett på småbruket der han vaks opp saman med seks søsken. Faren, Mikkel Fromreide (1913-1966) var fiskar og song svært mykje for borna når han var heime. Mora, Oline Fromreide (fødd Olsen Fromreide, 1912-1999) likte også å syngja med borna. Ho var med i songkor, skreiv mange tekstar og var ein liten «skodespelar» blir det fortalt. Terje har i sitt vaksne liv arbeidet med rehabilitering av menneske. Song- og musikkinteressa har vore ein kjær hobby. Terje spiller trekkspel, toradar og gitar. Han har vore med i songkor og delteke i gruppa «Askøystrilane». Dei har motteke Askøy kommune sin kulturpris, samt Johannes Kleppevik sin minnepris for ivaretaking av strilakultur. Både Terje og kona Marit (fødd Hauge frå Eidslandet, 1953) er medvitne kring det å føre barnesongtradisjonen vidare til sine 4 barn, 14 barnebarn og sitt vesle oldebarn. Terje song inn «Lit`n, lit`n småkar» og «Hansemann i skogen» til Kjersti Møllerup Wiik i juni 2020. Han har lært begge songane av far sin, Mikkel Fromreide.

«Hansemann i skogen» er ei dialektisk utgåve av andre vers i barnediktet «Vesle Hans` eventyr» av Henrik Wergeland (1808-1845). Dette er eit døme på korleis dikt og vers har levd vidare på dialekt på folkemunne og har vorte kjære songar i folkekulturen vår. Det finst fleire meloditilvisingar til diktet, ma «Skjære, skjære havre», samt ein nyare melodi komponert av Tone Groven Holmboe (1930-2020), men tonen frå Askøy er ulik desse. I følgje Terje har både far og bestefar hans sunge denne tonen. Historia i verset har noko spennande og litt skremmande ved seg! Vesle Hansemann går uforstyrret rundt i skogen på leit etter ved til bestemor, og verkar ikkje å vita at bjørn og ulv kan dukka opp. Dette er kanskje ein song dei har sunge for å gjera ungane medvitne om farane som tidlegare kunne lure i skogane?



Illustrasjon: Solvor Synneva Vatshelle

Previous
Previous

Hannemann oppi Fagerli

Next
Next

Har du sett nåke tå geit`na mina