Har du sett nåke tå geit`na mina
Georg Tangen (f.1937)
er oppvaksen og bur i Fedje kommune. Han gjekk folkeskule, framhaldskule og ungdomsskule på Frekhaug. Sidan tok han også kystskippersertifikat. Georg har arbeidd som fiskar, jobba på fôrmjølfabrikk, samt på Havstad Tinnfabrikk på Fedje, men musikken har alltid vore eit kall for han. Georg har vore særs musikkinteressert heile livet. Trass i at han er sjølvlært musikar, har han spelt til ca.1000 gudstenester og 300 gravferder i Fedje kyrkje. Han har også spelt mykje i bedehuset og har også heile livet vore med i Indremisjonskor og mannskor. I dag spelar han i ei gruppe med andre pensjonistar som underheld m.a. på sjukeheimen i kommunen. Georg starta som så mange andre med å spele gitar. Familien var svært musikalske. Onklane spelte trekkspel og orgel.
Den musikalske inspirasjonskjelda for Georg var mora, Inger Rougnø (1914-2002). Ho var frå Øygarden og dotter av den kjende kyrkjesongaren Vilhelm Rougnø (1883-1976). Han var frå Blomvågen og var skulelærar. Bestefaren tenestegjorde også i over 40 år i gamle Hjelme kyrkje, og var også fruktdyrkar ved den nye Hjelme kyrkje. Han dyrka opp det som no er gravplass ved nyekyrkja.
I november 2021 fekk Kjersti Møllerup Wiik tilsendt to songar der Georg Tangen song og spelte trøorgel saman med dottera si, Rita Idsøe. «Man`n sa te kåno si» som du finn her i Barnesongboka er ein av desse. I januar 2024 song Georg Tangen også inn geitelokken «Har du sett nåke tå geite`na mina» og eit par barnevers til Kjersti Møllerup Wiik.
«Har du sett nåke tå geit`na mina» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma. Ho song og nytta ropeord, til dømes «kobma no» (kom no) når ho ropte på kyrne, eller «tysa, tysa» når ho ropte på sauene. Ho kalla dyra ved namna deira, og tralla gjerne også ein slått eller ein annan melodi innimellom. Ho brukte kraftig røyst, og songen bar langt av garde. Dyra kjente att lokken og stemma hennar. Det hendte også at budeiene lokka og song beskjedar mellom dei ulike stølane. Nokre stadar i landet er dette kjent som laling/huving. Nokon meinte at lokkane var magiske og kunne skremma dei underjordiske, samt dei kunne også skremma rovdyr. Her i Barnesongboka finn du ein variant av denne songen, «Ser du nåke te søtebødna mina» etter Wenche Berg Husebø, Meland/Askøy. Det finst også fleire andre geitelokkar i boka der ein kan kjenne att geitenamna.
Illustrasjon: Oline Sofie Grøneng