Haukelåt etter Wilhelm Hop

Johannes Møllerup (f.1936)

kjem frå Store Milde i gamle Fana kommune (no Bergen). Han har budd på heimegarden på Store Milde heile sitt liv, unnateke eit skuleopphald ved Stend jordbruksskule. Johannes har arbeidd som bonde, vaktmeister og som tømrar mellom anna på Hordamuseet. Musikalsk sett er han sjølvlærd. Han spelar på sag og har også traktert mandolin og hardingfele i si tid. Songen har alltid lagt hans hjarte nær. Han held oppe tradisjonen etter faren, Nils J. Møllerup (1895-1961) og tantene, Brita og Elisabeth, samt onkelen Jens Meidell Møllerup (f.1899). I Møllerupfamilien har tradisjonar innan musikk og handverk stått sterkt. Far til Johannes var syskenbarn av den kjende bonden, kjømeisteren og songaren Nils Møllerup Eriksen Flesland (1887-1963).

Johannes og kona Anne Marie Møllerup (f.1942) har vore aktive medlemmar i Noregs Ungdomslag innan bygdedans, folkedans og kveding. Dei trefte kvarandre i leikarmiljøet i Bergen, og har felles interesse for kultur. Dei har gått på mange kvedarkurs i lag.

Dei har opptredd under ein internasjonal folkedansfestival i Royal Albert Hall i London, der Johannes debuterte som lursolist. Dei har også opptredd med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen saman med Ole Hamre; Johannes på sag og Anne Marie på «nasa». Anne Marie, som opprinneleg kjem frå Molde, og Johannes blei vigde på Romsdalsmuseet i 1964. Ho var første krunebrura som blei vigd der. Sidan har heimen hennar vore i Fana, der ho har arbeidd på Rikstelefonen, Mildeheimen og Fana folkehøgskule. Ho har vore ein aktiv korsongar heile livet.

Heimen deira, samt den ombygde løa, vitnar om kulturell medvitenheit og handverksmessig dugleik på høgste nivå.

I november 2023 delte Johannes Møllerup og kona Anne Marie denne lokken med innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Johannes song også fleire barnevers denne dagen, og her i Barnesongboka finn du «Katten lå i ovnsbenken» og «Kråkevisa» etter han.

«Haukelåt etter Wilhelm Hop» er eit døme på ein lokk som vart brukt for å ropa beskjedar mellom folk (også kalla laling/huving). Her er det Astrid som ropar til Solveig og så svarar Solveig etterpå. Kanskje var dei budeier på kvar sin støl om sommaren? Då dette var i tida før det var innlagt straum i husa, før mobiltelefon, bil og andre hjelpemidlar, og då det var langt å gå til kvarandre, var dette truleg enklaste måten dei kunne oppnå kontakt med kvarandre på. I lokken finn me ein omvendt akkord som ein ofte finn i lurspelinga. Ho-ho-ho etterliknar luren.

Johannes lærte denne songen etter Wilhelm Hop (1887-1977). Wilhelm Hop vaks opp i ei sterk spelemannslekt på Hop i Fana. Seks år gamal lærte han sine første feleslåttar, men han vart ikkje så ivrig felespelar som dei andre syskena sine. Wilhelm var først og fremst ein særs dyktig folkedansar, folkesongar, opplesar og humoristisk skrønemakar. Som 15-åring opptredde han på festplassen på Hop under 17.maifeiringa. (Solhaug, 1968:30). Han var til stor underhalding på festar og i ulike samkomer, og hadde eigne turnear med «show» rundt om kring i Noreg. Han hadde sin eigen kunstnartropp og mottok ærespremie på ein internasjonal visekonkurranse i København (Solhaug, 1968). Wilhelm Hop skipa til mange turnear, mellom anna saman med broren; den kjende felespelaren Lorentz Hop (1887-1954) og skodespelaren Ingvald Håland. Han hadde også turnear med dei andre syskena sine som var felespelarar, samt Olav Sataslåtten frå Hallingdal. Han og broren, Lorentz Hop (meir om han seinare i teksten), turnerte i Odalen saman med komponisten Fridtjof Kristoffersen (Thomassen, 1994).

Wilhelm Hop gifta seg med Agda Teresia Karlsson (1899-1978) i 1921.

Wilhelm Hop var også mykje nytta som kjøkemeister. Han interesserte seg også for målarkunsten, og fleire hundre måleri han laga var hengjande rundt omkring i husa i Fana (Solhaug 1968:31). Wilhelm og broren Sigvald (1895-) song inn mange slåttestev og folketonar for Universitetets Musikksamling i Oslo (no Norsk folkemusikksamling). Det var Rachel Thommassen som gjorde desse opptaka i 1958.

Far til Wilhelm Hop, Lauritz Hop (1861-1942) lærde opp borna sine; fire gutar og ei jente i felespel. Han mottok Kongens Fortenestemedalje i 1937 for arbeidet han hadde gjort for folkemusikken (Solhaug, 1968:31). Lauritz gifta seg med Larsine Simonsdotter Hop i 1883. Familien hadde sterke røter inn i spelemannsslekt. Den første kjende spelemannen var Haldor Torbjørnsen Langeland frå Modalen. Han kjøpte garden Austre Hop i 1833 av Meklar Juell og dreiv marmorsag. Han fekk to søner som ein innan folkemusikkmiljøet kjenner godt til: Haldor og Lauritz Hop – sistnemnde far til Wilhelm (Thomassen, 1994).

Haldor Hop (1847-1937) spela fele i meir enn 300 brydlaup. Han spela også klarinett og slåttetromme. I si tid spela han for sjølvaste Ole Bull på Lysøen og Edvard Grieg på Troldhaugen (Solhaug, 1968:18).

Lauritz laga den første fela til sonen sin Lorentz, bror til Wilhelm. Lorentz Hop (1887-1954) skulle med tida bli meisterspelar. Han var vidunderbarn og spelte i Fløystuen i Bergen berre 7 år gamal (Solhaug, 1968:22). Han vann det som kunne vinnast innan kappleikar gjennom mange år og turnerte mykje rundt om i Skandinavia. Lorentz gifta seg med Lina Nattland frå Fana i 1913. Ho døydde i 1925 og han sat att med seks små barn (Kjelde: CD-coveret til Lorentz Hop. Hardangerfiddle. NOR-CD 1997).

Illustrasjon: Mina Olsen Brattetaule

Previous
Previous

Har du sett nåke tå geit`na mina

Next
Next

Hei, rokken