Ka ska fruo ha te mat

Bergljot Helene Lyssand Bjørø (f.1951)

kjem frå Heien/Lyssand i Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommune). Faren hennar, Henrik M. Lyssand(1912-1989) var målar, dirigert, komponist og musikar. Bergljot budde fem av sine barneår i Chicago, USA. Sidan kom ho attende til Os. Ho gjekk på Voss folkehøgskule og studerte musikk hjå Per Indrehus. Så vart det utdanning som faglærar i musikkbarnehage og pianogrupper ved Veitvet musikkskole/Østlandets Musikkonservatorium som no er innlemma i Norges musikkhøgskole. Ho har og teke grunnfag og mellomfag i spesialpedagogikk. I heimen var det mykje song og musikk. Bergljot har sunge i kor i nær 60 år.

Bergljot har på mange måtar vore ein pioner i Os sitt kulturliv. Ho starta musikkbarnehage og eiga pianoundervisning i heimkommunen i 1973. Det var før Os kulturskule var kome i gang. Ho starta tidleg med kurs i baby-og småbarnssong. I mange år reiste Bergljot og to andre lærarar frå kulturskulen rundt med «Os Tradisjonar». Det var eit opplegg til alle 6.klassane i kommunen, og var tufta på musikk-tradisjonar frå Os. Bergljot har også teke ei 3-årig utdanning i Vestlandske teaterlag og hatt teatergrupper. Ho starta også, og var leiar, ved SFO-ordninga ved Os skule. Der hadde ho også mellom anna skrivedans med 1.klassane ved skulen. Ho har også vore i og halde kurs i alle barnehagane i kommunen, der ho brukte mykje folketonar.

Bergljot H.L. Bjørø har også intervjua gamle kjelder for å læra seg barnesongtradisjonar i Os. På 1990-talet intervjua ho fleire eldre kjelder i Os kommune. Ho har lete seg inspirera av fleire gode kulturberarar. Her kan nemnast Annanias Lien (1916-2009) som var ein sterk kulturberar frå Hegglansdalen. Det var også tanta Helga Lyssand Bjørnør (1924- 2006) og farfaren Mons H. Lyssand (1890- 1968). Bergljot samla inn og nedteikna det ho fann av songar.

Bergljot H.L. Bjørø er også oppteken av trommeslått-tradisjonen. Denne stod sterkt m.a. i Os og Fusa og i gamle Sund kommune. Du kan lesa meir om denne tradisjonen her i Barnesongboka under songen «Lever og mort» etter Bergljot. Bergljot er ein viktig tradisjonsbærar i Bjørnafjorden (tidlegare Os og Fusa). Ein yngre dyktig arvtakar frå same region er Eirin Røykenes.

I januar 2024 song Bergljot Bjørø inn ei rekkje lokale barnesongar frå Bjørnafjorden til innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Me er glade for å kunne presentere «Ka ska fru ha te mat», «Lever og mort», «Mari, Mari Nipa» og «Ro, ro te Relteland» her i Barnesongboka.

«Ka ska fruo ha te mat» høyrer til aukesongane våre, der ein legg til ei ny linje for kvart vers. Bjørø lærte den av Annanias Lien (1916-2009) frå Hegglandsdalen på Os på 1990-talet. Det finst fleire variantar av denne teksten og den er registrert som mellomalderballaden «Korleis vil du føde meg» i dokumentasjonsprosjektet Balladearkivet 1997 (TSB f007, skjemteballade). Det finst mellom anna ein tekst frå Rogaland. I nokre av dei andre tekstvariantane er det ikkje «fruo», men spørsmål om kva ein skal gje «brura» til mat. Det finst mange ulike tekstar til aukesongane og fleire har tematikk henta frå juledagane, til dømes «Fagre Morten» om kva han skal gje sveinane sine dei tolv juledagane.

Mellomalderballadane er nokre av dei eldste songane me kjenner. Dei har som namnet seier, røter attende til mellomalderen, frå ca.1300- talet og fram til reformasjonen i 1536. Namnet «ballade» kjem frå det latinske ordet «ballare» som tyder «å danse», og ein trur desse songane har vorte brukt til å danse etter. Mange av songane har truleg kome til Noreg frå andre europeiske land, og vart omsett ved det kongelege hoffet. Såleis finn ein mange variantar av desse songane over store deler av Europa. Andre songar har truleg vorte laga her til lands. Mange av balladane vart samla og gitt ut av danske Anders Sørensen Vedel i «Hundreviseboka» i 1591. Den var basert på songar i munnleg tradisjon og handskrivne dokument. I 1695 gav Peder Syv, også dansk, ut boka på nytt og han la då også til hundre nye viser. Denne boka har vorte kalla «Tohundreviseboka» eller «Kjempeviseboka», og den vart svært populær også i Noreg. I mange hundre år var denne boka ei av få bøker som fanst i norske heimar, ved sida av salmebok og bibel. Ofte var det mange vers til balladane, og dei hadde gjerne eit refreng (omkvede) som vart gjenteke for kvart vers. Me deler mellomalderballadane inn etter kva tema dei handlar om. Me har mellom anna naturmytiske balladar om overnaturlege skapningar som nøkken, kjempe- og trollballadar som handlar om kamp mellom menneske og troll/kjempar, legendeviser og historiske viser, samt skjemteballadar. Denne aukesongen er som nemnd ei slik skjemteballade. Desse songane er kjenneteikna av å vera spøkefulle og humoristiske. Dei kan handla om dyr, men også om menneske.

Illustrasjon: Sara Aurora Rathore

Previous
Previous

Ima Grima

Next
Next

Katt`n ba pus`n