Katt`n ba pus`n

Gunnhild Steinsland (f. Trohaug, 1943)

er fødd og oppvaksen i Modalen kommune. Ho gjekk barneskulen og framhaldsskulen i heimbygda, men måtte til Øystese for å gå på realskule og gymnas. Skuletida i Øystese varde i 5 år. Sidan vart det lærarskule i Bergen og flytting attende til heimstaden, der ho har arbeidd som lærar i 1.-10.klasse i mange år. Gunnhild har også vore skulesjef i Modalen kommune.

Ho fekk musikkopplæring på Bergen lærarhøgskule der ho mellom anna song i kor under leiing av Magnar Mangersnes. Ho har også vore med i Modalskoret i mange år. Gunnhild trakterer blokkfløyte og har prøvd seg litt på å spela trekkspel. Den store inspiratoren hennar i oppveksten var søndagsskulelæraren og prestefrua Bergljot Hartberg. Ho var organist i Mo kyrkje, og inspirerte dei oppveksande slekter til å bruka stemma som instrument. I godt vaksen alder har Gunnhild også vist seg å vera ein gåverik kunstmålar.

Her i Barnesongboka finn du «Katt`n ba pusen» og «Tassa, tassa geitæ» som Gunnhild Steinsland song inn til Kjersti Møllerup Wiik i november 2023.

«Katt`n ba pus`n» er eit barnevers som Gunnhild Steinsland lærte heime i Modalen. Det er kjent fleire stadar i landet. Tonen etter Gunnhild Steinsland er ganske lik ein variant frå Sunnmøre i Støylen si samling av barnerim og leikar (Støylen, 1899). Her er tittelen «Katten og pusen» (Støylen, 1899). Den har fire vers; to av dei finn me att i versjonen vår.

Illustrasjon: Liva Blindheim Brakstad

Previous
Previous

Ka ska fruo ha te mat

Next
Next

Katt`n lå i ovnsbenken