Katt`n lå i ovnsbenken

Johannes Møllerup (f.1936)

kjem frå Store Milde i gamle Fana kommune (no Bergen). Han har budd på heimegarden på Store Milde heile sitt liv, unnateke eit skuleopphald ved Stend jordbruksskule. Johannes har arbeidd som bonde, vaktmeister og som tømrar mellom anna på Hordamuseet. Musikalsk sett er han sjølvlærd. Han spelar på sag og har også traktert mandolin og hardingfele i si tid. Songen har alltid lagt hans hjarte nær. Han held oppe tradisjonen etter faren, Nils J. Møllerup (1895-1961) og tantene, Brita og Elisabeth, samt onkelen Jens Meidell Møllerup (f.1899). I Møllerupfamilien har tradisjonar innan musikk og handverk stått sterkt. Far til Johannes var syskenbarn av den kjende bonden, kjømeisteren og songaren Nils Møllerup Eriksen Flesland (1887-1963).

Johannes og kona Anne Marie Møllerup (f.1942) har vore aktive medlemmar i Noregs Ungdomslag innan bygdedans, folkedans og kveding. Dei trefte kvarandre i leikarmiljøet i Bergen, og har felles interesse for kultur. Dei har gått på mange kvedarkurs i lag.

Dei har opptredd under ein internasjonal folkedansfestival i Royal Albert Hall i London, der Johannes debuterte som lursolist. Dei har også opptredd med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen saman med Ole Hamre; Johannes på sag og Anne Marie på «nasa». Anne Marie, som opprinneleg kjem frå Molde, og Johannes blei vigde på Romsdalsmuseet i 1964. Ho var første krunebrura som blei vigd der. Sidan har heimen hennar vore i Fana. Heimen deira, samt den ombygde løa, vitnar om kulturell medvitenheit og handverksmessig dugleik på høgste nivå.

I november 2023 delte Johannes Møllerup fleire songar med innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Her i Barnesongboka finn du «Kråkevisa» og «Haukelåt etter Wilhelm Hop». Sistnemnde song han saman med kona, Anne Marie Møllerup.

«Katt`n lå i ovnsbenken» er eit barnevers som er kjent over heile landet og som eigentleg er eit vers frå ei gamal mellomalderballade som heiter «Katten ligg sjuk». Eit anna vers frå same balladen som lever vidare som eit barnevers er «Pusekatt`n sete på takje» som du finn her i Barnesongboka etter Anna O. Midtveit frå Sund, og «Katt`n sat oppå takja» etter Inge M. Takle frå Gulen.

Mellomalderballadane er nokre av dei eldste songane me kjenner. Dei har som namnet seier, røter attende til mellomalderen, frå ca.1300- talet og fram til reformasjonen i 1536. Namnet «ballade» kjem frå det latinske ordet «ballare» som tyder «å danse», og ein trur desse songane har vorte brukt til å danse etter. Mange av songane har truleg kome til Noreg frå andre europeiske land, og vart omsett ved det kongelege hoffet.

Såleis finn ein mange variantar av desse songane over store deler av Europa. Andre songar har truleg vorte laga her til lands. Mange av balladane vart samla og gitt ut av danske Anders Sørensen Vedel i «Hundreviseboka» i 1591. Den var basert på songar i munnleg tradisjon og handskrivne dokument. I 1695 gav Peder Syv, også dansk, ut boka på nytt og han la då også til hundre nye viser. Denne boka har vorte kalla «Tohundreviseboka» eller «Kjempeviseboka», og den vart svært populær også i Noreg. I mange hundre år var denne boka ei av få bøker som fanst i norske heimar, ved sida av salmebok og bibel. Ofte var det mange vers til balladane, og dei hadde gjerne eit refreng (omkvede) som vart gjenteke for kvart vers. Me deler mellomalderballadane inn etter kva tema dei handlar om. Me har mellom anna naturmytiske balladar om overnaturlege skapningar som nøkken, kjempe- og trollballadar som handlar om kamp mellom menneske og troll/kjempar, legendeviser og historiske viser, samt skjemteballadar. Songen om pusekatten er som nemnd ei slik skjemteballade. Desse songane er kjenneteikna av å vera spøkefulle og humoristiske. Dei kan handla om dyr, men også om menneske.

Previous
Previous

Katt`n ba pus`n

Next
Next

Katt`n sat oppå takja