Katt`n sat oppå takja
Inge Monsson Takle (1912-2008)
vart fødd og budde på Takle i Gulen kommune. Han gjekk grunnskulen på heimplassen, og var dreng og reiste på fiske. I 1938 gifta han seg med Magna J. Takle. (1914-2014). Dei overtok gamlehuset på heimegarden hennar og hadde to kyr og eit titals sauer der, samt smie i kjellaren. Etter ei utskifting laut dei flytte på seg og bygde nytt hus og ny løe. Inge M. var utdanna smed frå Sogndal og han tok også Statens Husindustriskule i Haus. Han starta med lastebilkøyring og seinare drosjekøyring i Brekke. Han var faktisk den første med bil i Brekke (1937). I 1943 vart Takle Kraftstasjon teken i bruk. Her var Inge M. førstemaskinist i over 50 år. I 1961 reiste han til Høyanger og tok røyrleggjarutdanning. Inge M. Takle var av det innovative slaget. Han starta røyrleggjarfirma og dreiv det til han var godt over 80 år.
Inge M. Takle var svært kulturinteressert. Han fekk ikkje noko offentleg musikalsk skulering, men tok seg fram innan musikkfaget likevel. Slekta var av det musikalske slaget. Familien kan fortelja at han plystra eller song alltid både til arbeid og fest. I sin ungdom spelte han trekkspel. Felespelet følgde med han gjennom livet. Han spelte og song i mange bryllaup. Elles opptredde han mykje i ulike samanhengar. Han overtok dirigentjobben for eit blandakor i 1945. Koret var aktive fram til 1956. I 1965 starta han Brekke Mannskor og dirigerte det i 20 år. I 1985 vart det starta pensjonistkor i Gulen og Inge M. Takle var dirigent i 10 år.
I 1994 mottok Inge M. Takle Kongens fortenestemedalje i sølv for 50 års innsats som maskinist for Takle Kraftstasjon og for særs aktiv deltaking i kulturlivet.
Inge M. Takle song inn fleire viser og vers. Dei er lagra ved Vestland fylkeskommune, seksjon arkiv i Leikanger. Vi er glade for å kunne presentere fleire av desse i songboka vår: «Katt`n sat oppå takja» og «Ser du nåke te litla grå geita».
«Katt`t sat oppå takja» er eit barnevers som er kjent over heile landet og som eigentleg er eit vers frå ei gamal mellomalderballade som heiter «Katten ligg sjuk». Mange stadar er verset kjent som «Brombasken i bomma/bromba». I Barnesongboka finn du varianten «Pusekatt`n sete på takje» etter Anna O. Midtveit frå Telavåg i Sund. Eit anna vers frå same balladen som lever vidare som eit barnevers, er «Katten låg i ovnsbenken» som du finn her i boka etter Johannes Møllerup frå Fana.
Mellomalderballadane er nokre av dei eldste songane me kjenner. Dei har som namnet seier, røter attende til mellomalderen, frå ca.1300- talet og fram til reformasjonen i 1536. Namnet «ballade» kjem frå det latinske ordet «ballare» som tyder «å danse», og ein trur desse songane har vorte brukt til å danse etter. Mange av songane har truleg kome til Noreg frå andre europeiske land, og vart omsett ved det kongelege hoffet. Såleis finn ein mange variantar av desse songane over store deler av Europa. Andre songar har truleg vorte laga her til lands. Mange av balladane vart samla og gitt ut av danske Anders Sørensen Vedel i «Hundreviseboka» i 1591. Den var basert på songar i munnleg tradisjon og handskrivne dokument. I 1695 gav Peder Syv, også dansk, ut boka på nytt og han la då også til hundre nye viser. Denne boka har vorte kalla «Tohundreviseboka» eller «Kjempeviseboka», og den vart svært populær også i Noreg. I mange hundre år var denne boka ei av få bøker som fanst i norske heimar, ved sida av salmebok og bibel. Ofte var det mange vers til balladane, og dei hadde gjerne eit refreng (omkvede) som vart gjenteke for kvart vers. Me deler mellomalderballadane inn etter kva tema dei handlar om. Me har mellom anna naturmytiske balladar om overnaturlege skapningar som nøkken, kjempe- og trollballadar som handlar om kamp mellom menneske og troll/kjempar, legendeviser og historiske viser, samt skjemteballadar. Songen om pusekatten er som nemnd ei slik skjemteballade. Desse songane er kjenneteikna av å vera spøkefulle og humoristiske. Dei kan handla om dyr, men også om menneske.
Illustrasjon: Giulia Emanuela Curcean