Kila på, kila på

Even Heimdal (1868-1953)

vart fødd i Volladalen i Fana. Alt frå barndomen av hadde han interesse for folkemusikk. Foreldra var svært musikalske og hadde gode songstemmar. Sambygdingane kom til heimen deira for å høyre musikk og song. Even lærde mange songar etter foreldra sine. Ikkje minst av faren, Even Olsen (1829-1885), som var ein særs skatta kjøkemeister frå Drange i Fana. Mor hans var Johanna Larsdotter Drange (f. Haaversthun, 1835-1916).

Even lærde seg tidleg å spele fele. Han utdanna seg til finsnikkar og lagde mange feler. Han samla på slåttar etter Nils Rekve. Når Nils spela, skulle det ha vore ein framifrå dåm i spelet. Even hadde også slåttar etter Styrk Salbuvik frå Lysefjorden.

Heimdal prøvde mange feler. Han hadde ei Samnanger-fele frå 1886 til 1935. Så fekk han ei Olav Helland-fele som var laga i 1907. På sine eldre dagar deltok han frå tid til anna i kappleikar og fekk æresprisar.

Arne Bjørndal budde mykje hjå Even Heimdal og nedteikna mange songar og slåttar etter han. Kort kan nemnast «Svarterabben» og «Heimkomeslåtten» som vart spela i gildet brura sine foreldre held for dottera før ho forlet heimen. Sistnemnde kan ha vore lært hjå Styrk Salbuvik (1820 – 1900). Han er ein av dei eldste kjende spelemenna frå Fana. Vi kjem heller ikkje utanom den store felespelaren Lorentz Hop (1887-1954). Han deltok i kappleikar alt frå han var unggut og gjorde det særs godt. (Kjelde: Spelemannsbladet 1952, nr.5. Artikkel skriven av John Tjønn). Even Heimdal var gift med Bertha Oline Heimdal (1866-1947).

Bjørndal sine notenedteikningar etter Even Heimdal er arkivert ved Arne Bjørndals samling i Bergen. «Kila på, kila på» vart nedteikna i 1930 og er lagra under Hordaland (Mid- og Sunnhordland), nr.1205. Arne Bjørndal gjorde også seinare opptak med Even Heimdal som syng denne songen.

«Kila på, kila på» er ein arbeidssong/ mineborarsong som vart brukt når dei skulle sprenge stein på vegarbeid i tidlegare tider. Det fanst ikkje boremaskin og gravemaskin når ein skulle byggje vegar, og dei måtte bruke handkraft for å få sprengt vekk steinar. Dei brukte ein stor hammar (feisel) og slo med denne på ein minebor. Mineboren bora seg ned i steinen når dei slo på den. Dermed delte steinen seg, eller dei laga hol som dei kunne ha dynamitt i for å sprenge steinen. Arbeidet var tungt og ved større fjellarbeid var dei fleire saman om det. Dei utgjorde det me kallar eit feiselslag: Det var éin person som heldt mineboren, og så stod det éin eller fleire personar kring som veksla mellom å slå på denne med kvar sin feisel. Dei song ofte til arbeidet, då rytmen gjorde at arbeidet flaut betre og vart lettare. Dei hadde gjerne ein oppsongar som leia songen. Det var gjerne han som heldt boren. «Kila på, kila på» er ein oppsong til feiselslaget.

Previous
Previous

Katt`n sat oppå takja

Next
Next

Korføre heve du skikka deg so