Korføre heve du skikka deg so

Solveig Styve (1899-1999)

var fødd Skår og vaks opp på garden Spurkeland i Seim. Dei var 11 søsken og vaks opp i same hus som bestemora, Sesilia Spurkeland. Ho kunne mange songar. Solveig fekk etter kvart ansvaret for bestemora, og lærte også det store songrepertoaret hennar. Solveig var med i Seim songlag, der også tre av søskena hennar var med. Ho gifta seg i 1921 med Jens Styve og kjøpte gard på Hjelmås i Lindås, no Alver, i 1938. (Horvei, 1998). Solveig er her kjelde til voggesongen «Korføre heve du skikka deg so». Folketonesamlaren Kjersti Møllerup Wiik intervjua Solveig Styve i 1995, då ho var nærare 100 år og fekk då lære denne songen. Den er nedteikna på notar av Einar Mjølsnes i 1998.

Melodien til «Korføre heve du skikka deg so» er ein variant av «Såg du noko til kjerringa mi». Ein variant av teksten, «Å korføre hev du no stelt deg so», har vorte sunge som slåttestev av Karl Øvretveit på Fammestad i Lindås/Alver (sjå denne). Dette er slåttestevet til slåtten «Attegløyma». Ordet «attergløyma» tyder ei som er gløymt att, og viser til ei ugift kvinne som ein forventa skulle vera gift. Ein kan undra seg over at dei song ein slik tekst for ungane som voggesong! - Men me veit at det vart brukt mange forskjellige songar og tekstar for å få dei yngste til å sova. Det viktigaste med ein voggesong er at rytmen er jamn, det er gjerne eit lite melodimotiv som vert repetert om att og om att, og det aller viktigaste er den kjende stemma som syng for barnet og skapar tryggleik. Då er det kanskje ikkje så viktig kva ein syng om.


Illustrasjon: Oline Terjesdatter Garlid

Previous
Previous

Kila på, kila på

Next
Next

Kristian Kakk