Kulokk

SOFIA PERNILLA H. GJERDE (1887-1976)

var fødd i Indre Arna i gamle Haus kommune, no Bergen. Far hennar var kommandersersjant/fanejunker og gardbrukar Hans Hanssen Gjerde (1843-1931) frå Samnanger og mor Anna Nilsdotter Gjerde (1850-1902) frå Arna. Sofia lærte fleire songar etter farmor, Ingeborg Hansdotter Gjerde (f. Rudne, 1814-1907) frå Samnanger. Ifølgje folketeljinga for 1891 budde farmora saman med familien i Arna. I 1910 var Sofia busett på Nykronborg i Årstad (Bergen) og registrert som «melkebutikdame», medan ho i 1922 var busett som ugift kontorist i Kong Oscarsgate i Bergen. Ho vart aldri gift, fekk ingen born og budde i Arna då ho døydde.

I gamle aviser frå tida kring 1916 til 1930-talet, finn ein at Sofia Gjerde var aktiv i ulikt lagsarbeid. Ho var med i styret for Bondeungdomslaget i Bergen, der ho mellom anna også var med i redaksjonen for lagsbladet «Andvake». I Gula Tidend kan ein måndag 5.mai 1919 lesa at Sofie Gjerde las frå lagsbladet i samband med 10-årsjubileumsfesten for Bondeungdomslaget. Det var også felespel ved Arne Bjørndal der.

Arne Bjørndal gjorde opptak med Sofia Gjerde i Bergen i juli 1954. Ho song då inn fleire lokkar, viser, voggesongar, samt ei mellomalderballade. Fleire av songane hadde ho etter farmor Ingeborg frå Samanger, men også etter kjelder i Indre Arna.

«Kulokk» er ein song som Sofia Gjerde lærte frå Brita Warn (f. Borge) i Langedalen, Arna. Kulokkar er ein type arbeidssong som vart brukt for å rope på kyrne for å få dei til seg når dei til dømes skulle mjølkast om somrane og dyra var ute på beite. Unge, ugifte jenter jobba gjerne som budeier og budde om somrane på stølen (ein del av gardsbruket som var plassert oppe i fjellet). Der passa dei på kyrne, mjølka dei morgon og kveld og arbeidde med å lage smør, ost og liknande om dagane. Det var mykje arbeid, og det var viktig å vaske utstyret godt som dei brukte. Sidan det ikkje var innlagt vatn, måtte dei gjerne gå til bekken for å hente dette.

* I Arne Bjørndals samling finn ein opplysningar om at Sofia Gjerde var frå Helgatoni i Samnanger og levde frå 1888 til 1970. Mor hennar skal ha vore Knutina Gjerde (f.1861). Desse opplysningane vart samla av ei ukjent kjelde på 1990-talet – 40 år etter opptaka var gjort. Etter nærare undersøkingar har ein funnet at også denne Sofia Gjerde var ugift og utan born. Foreldra hennar var Knut Knutsen Egedal (1869-) og Knutina Helgesdotter Gjerde (1861-1951). I folketeljinga for 1920 bur ho saman med mor, bestefar og nokre av syskena til mor på garden Toen, Steinsland, i Samnanger. Bestefar til denne Sofia var Helge Nilsen Gjerde (1836-1931). Sofia Gjerde i Samnanger var såleis niesa til Sesilie Reistad som er kjelde for «Byssa lulla leia» her i boka vår. Det ville ikkje vore umogleg at ho var kjelda til Bjørndal, men ho var vanfør og truleg ikkje i Bergen i 1954, der opptaka vart gjort. Då me har sikre opplysningar om at farmora til kjelda vår er Ingeborg Hansdt Gjerde (1814-1907) frå Samnanger og finn familien i Arna, er me ganske sikre på at Sofia Gjerde i Arna er kjelda vår. Ho kjenner også Arne Bjørndal frå Bondeungdomslaget.

Illustrasjon: Torstein Enger-Espetvedt

Previous
Previous

Kråkevisa

Next
Next

Laongt dar auster i Kraokelund