Laongt dar auster i Kraokelund

“Laongt dar auster i Kraokelund” vart nedteikna av Olav Sande (1850-1927) i Eivindvik i Gulen. Songen er med i boka Norske tonar fyr heim og skule, band 1 (Sande, 1905:14-15) (nr.27c). I boka til Sande er det med så mange som 10 variantar av denne songen frå ulike stader i gamle Hordaland og Sogn og Fjordane. Verset har levd i folketradisjonen som eit barnevers, men det høyrer til mellomalderballaden «Ramnebryllupet i Kråkelund» (TSB f068) som er ei skjemteballade. Den handlar om då ramnen skulle gifta seg med trana. I balladen får me høyre om dei ulike oppgåvene dyra hadde i bryllaupet; ulven var klokkar, veren var prest, gåsa var forlovar, skjora serverte mat og drikke, hanen var songar og så vidare. Dei mangla ikkje mat i skogen (jf. ein versjon frå Fyresdal i Telemark, Balladearkivet 1997).

Mellomalderballadane er nokre av dei eldste songane me kjenner. Dei har som namnet seier, røter attende til mellomalderen, frå ca.1300- talet og fram til reformasjonen i 1536. Namnet «ballade» kjem frå det latinske ordet «ballare» som tyder «å danse», og ein trur desse songane har vorte brukt til å danse etter. Mange av songane har truleg kome til Noreg frå andre europeiske land, og vart omsett ved det kongelege hoffet. Såleis finn ein mange variantar av desse songane over store deler av Europa. Andre songar har truleg vorte laga her til lands. Mange av balladane vart samla og gitt ut av danske Anders Sørensen Vedel i «Hundreviseboka» i 1591. Den var basert på songar i munnleg tradisjon og handskrivne dokument. I 1695 gav Peder Syv, også dansk, ut boka på nytt og han la då også til hundre nye viser. Denne boka har vorte kalla «Tohundreviseboka» eller «Kjempeviseboka», og den vart svært populær også i Noreg. I mange hundre år var denne boka ei av få bøker som fanst i norske heimar, ved sida av salmebok og bibel. Ofte var det mange vers til balladane, og dei hadde gjerne eit refreng (omkvede) som vart gjenteke for kvart vers. Me deler mellomalderballadane inn etter kva tema dei handlar om. Me har mellom anna naturmytiske balladar om overnaturlege skapningar som nøkken, kjempe- og trollballadar som handlar om kamp mellom menneske og troll/kjempar, legendeviser og historiske viser, samt skjemteballadar. Songen om ramnebryllaupet i Kråkelund er ei slik skjemteballade. Desse songane er kjenneteikna av å vera spøkefulle og humoristiske. Dei kan handla om dyr, men også om menneske.

Illustrasjon: Sanna Brattlid

Previous
Previous

Kulokk

Next
Next

Lever og mort