Lever og mort

Bergljot Helene Lyssand Bjørø (f.1951)

kjem frå Heien/Lyssand i Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommune). Faren hennar, Henrik M. Lyssand (1912-1989) var målar, dirigert, komponist og musikar. Bergljot budde fem av sine barneår i Chicago, USA. Sidan kom ho attende til Os. Ho gjekk på Voss folkehøgskule og studerte musikk hjå Per Indrehus. Så vart det utdanning som faglærar i musikkbarnehage og pianogrupper ved Veitvet musikkskole/Østlandets Musikkonservatorium som no er innlemma i Norges musikkhøgskole. Ho har og teke grunnfag og mellomfag i spesialpedagogikk. I heimen var det mykje song og musikk. Bergljot har sunge i kor i nær 60 år.

Bergljot har på mange måtar vore ein pioner i Os sitt kulturliv. Ho starta musikkbarnehage og eiga pianoundervisning i heimkommunen i 1973. Det var før Os kulturskule var kome i gang. Ho starta tidleg med kurs i baby-og småbarnssong. I mange år reiste Bergljot og to andre lærarar frå kulturskulen rundt med «Os Tradisjonar». Det var eit opplegg til alle 6.klassane i kommunen, og var tufta på musikk-tradisjonar frå Os. Bergljot har også teke ei 3-årig utdanning i Vestlandske teaterlag og hatt teatergrupper. Ho starta også, og var leiar, ved SFO-ordninga ved Os skule. Der hadde ho også mellom anna skrivedans med 1.klassane ved skulen. Ho har også vore i og halde kurs i alle barnehagane i kommunen, der ho brukte mykje folketonar.

Bergljot H.L. Bjørø har også intervjua gamle kjelder for å læra seg barnesongtradisjonar i Os. På 1990-talet intervjua ho fleire eldre kjelder i Os kommune. Ho har lete seg inspirera av fleire gode kulturberarar. Her kan nemnast Annanias Lien (1916-2009) som var ein sterk kulturberar frå Hegglansdalen. Det var også tanta Helga Lyssand Bjørnør (1924- 2006) og farfaren Mons H. Lyssand (1890- 1968). Bergljot samla inn og nedteikna det ho fann av songar. Bergljot H.L. Bjørø er også oppteken av trommeslått-tradisjonen. Denne stod sterkt m.a. i Os og Fusa og i gamle Sund kommune. Bergljot er ein viktig tradisjonsbærar i Bjørnafjorden (tidlegare Os og Fusa). Ein yngre dyktig arvtakar frå same region er Eirin Røykenes.

I januar 2024 song Bergljot Bjørø inn ei rekkje lokale barnesongar frå Bjørnafjorden til innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Me er glade for å kunne presentere «Ka ska fru ha te mat», «Lever og mort», «Mari, Mari Nipa» og «Ro, ro te Relteland» her i Barnesongboka.

«Lever og mort» er noko så sjeldan som eit slåttestev til ein trommeslått. Dette verset skulle vera til hjelp når dei skulle lære rytmen i slåtten, og teksten tyder eigentleg ikkje noko. Truleg har ein vald ord som liknar lyden i tromma. Den andre delen er ord til eit signal som ein kan framføre på eit signalhorn; eit messinginstrument i trompetform utan ventilar. Bergljot lærte slåttestevet av far sin, Henrik Lyssand. Slike vers kjenner me ikkje mange av, men det er på Vestlandet at slåttetrommetradisjonen har halde seg lengst. Tradisjonen med både slåttetromme og signalhorn kom med militæret. Bygda Os har hatt militærforlegningar lenge. Det var spesielt Sundvor-tradisjonen som stod sterkt og Johannes Sundvor (1871-1941) samla materiale i tida frå ca.1910-1930. Han hadde høyrt og lært slåttar heimefrå i Fusa sidan han var liten, og var hornblåsar ved Bergens Bataljon (Seldal, 2007). Han reiste etter kvart rundt på Vestlandet der han lærte og noterte ned trommeslåttar. I 1937 spelte han inn over 30 trommeslåttar til NRK. I moderne tid har barnebarnet Eirik Sundvor (f.1938) og Harald Lekven (1937-2019) overlevert tradisjonen til nye utøvarar. Det har ført til at tradisjonen fekk sin renessanse frå 1990-talet, då yngre tamburar som Rolv Kristoffer Seldal (Sandnes i Rogaland/Bergen) og Hogne Olai Holmås (Lindås) spesialiserte seg i faget. Hardingfela og slåttetromma høyrde mange stader heime i eit skikkeleg bryllaup i det 19.århundret. Faktisk så seint som i 1940-talet veit ein at det har vore tambur til stades og spelt i bryllaup.

Previous
Previous

Laongt dar auster i Kraokelund

Next
Next

Lita sat i haugå