Lita sat i haugå

Marta Bendiksdotter Takle (1899-1996)

vart fødd og vaks opp på Takle i Gulen kommune der ho også gjekk folkeskulen. Ho tok husmorskuleutdanning og gjekk også på sy-skule i Vik i Sogn. Marta var svært flink med hendene sine. Ho var ein meister i å veva store divantepper, løparar, puter med meir. Ho vaks opp på gard, og det vart etter kvart giftarmål med Håkon Takle (1904-1983) som var frå same bygda. Dei flytta saman på Ytst-Takle. Håkon var også song- og musikkinteressert. Han spelte fele.

Marta B. Takle var ein ressursperson for bygda på mange vis. Ho song i songkor, var med i Bondekvinnelaget og sat i styret for Samvirkelaget i Brekke. Både Håkon og Marta B. Takle vart i si tid intervjua av folkeminnesamlaren Arne Bjørndal.

«Lita sat i haugå» er eit barnevers som har eit tekstmotiv som me gjenkjenner frå mellom anna fleire huldrelokkar (sjå m.a. Kvandal, 2000:156-157). Soga seier at det er huldra som syng dette verset til budeia som har forsove seg (Kvandal, 2000:156). Huldra sine kyr er allereie ute på beite, og ho syng at budeia må stå opp og mjølke kyrne sine, då det allereie har vorte midt på dagen og sola er i ferd med å forsvinne frå «Middagsskrine»; ein stad oppe i fjellet/lia der ho skin eller kastar skugge klokka 12. Denne songen etter Marta B. Takle finn du også i boka So ro liten tull (Løvlid, 2003:29).

Illustrasjon: Celine Litleskare Saad

Previous
Previous

Lever og mort

Next
Next

Lit`n, lit`n småkar