Lit`n, lit`n småkar
Terje Fromreide (f. 1950)
er fødd og oppvaksen på Fromreide, Kjerrgarden på Askøy. Han er framleis busett på småbruket der han vaks opp saman med seks søsken. Faren, Mikkel Fromreide (1913-1966) var fiskar og song svært mykje for borna når han var heime. Mora, Oline Fromreide (fødd Olsen Fromreide, 1912-1999) likte også å syngja med borna. Ho var med i songkor, skreiv mange tekstar og var ein liten «skodespelar» blir det fortalt. Terje har i sitt vaksne liv arbeidd med rehabilitering av menneske. Song- og musikkinteressa har vore ein kjær hobby. Terje spelar trekkspel, toradar og gitar. Han har vore med i songkor og delteke i gruppa «Askøystrilane». Dei har motteke Askøy kommune sin kulturpris, samt Johannes Kleppevik sin minnepris for ivaretaking av strilakultur. Både Terje og kona Marit (fødd Hauge frå Eidslandet, 1953) er medvitne kring det å føre barnesongtradisjonen vidare til sine 4 barn, 14 barnebarn og sitt vesle oldebarn. Terje song inn «Lit`n, lit`n småkar» og «Hansemann i skogen» til Kjersti Møllerup Wiik i juni 2020. Han har lært begge songane av far sin, Mikkel Fromreide.
«Lit`n, lit`n småkar» er eit barnevers som me ikkje har høyrd i denne forma før, men der me gjenkjenner element frå andre songar. Me gjenkjenner mellom anna strofene «Dar kjem ei frua, spøta på gullhua osv.» frå huldrelokken «Da e so fagert i Finnesloftet» (Voss) og ein variant av denne; «Ly ut, lovarmann» etter Elias Mjåtveit (1874-1957) frå Meland/Alver.