Man`n sa te kåno si

Georg Tangen (f.1937)

er oppvaksen og bur i Fedje kommune. Han gjekk folkeskule, framhaldskule og ungdomsskule på Frekhaug. Sidan tok han også kystskippersertifikat. Georg har arbeidd som fiskar, jobba på fôrmjølfabrikk, samt på Havstad Tinnfabrikk på Fedje, men musikken har alltid vore eit kall for han. Georg har vore særs musikkinteressert heile livet. Trass i at han er sjølvlært musikar, har han spelt til ca.1000 gudstenester og 300 gravferder i Fedje kyrkje. Han har også spelt mykje i bedehuset og har også heile livet vore med i Indremisjonskor og mannskor. I dag spelar han i ei gruppe med andre pensjonistar som underheldt mellom anna på sjukeheimen i kommunen. Georg starta som så mange andre med å spele gitar. Familien var svært musikalske. Onklane spelte trekkspel og orgel.

Den musikalske inspirasjonskjelda for Georg var mora, Inger Rougnø (1914-2002). Ho var frå Øygarden og dotter av den kjende kyrkjesongaren Vilhelm Rougnø (1883-1976). Han var frå Blomvågen og var skulelærar. Bestefaren tenestegjorde også i over 40 år i gamle Hjelme kyrkje, og var også fruktdyrkar ved den nye Hjelme kyrkje. Han dyrka opp det som no er gravplass ved nyekyrkja.

I november 2021 fekk Kjersti Møllerup Wiik tilsendt to songar der Georg Tangen song og spelte trøorgel saman med dottera si, Rita Idsøe. «Man`n sa te` kåno si» er ein av desse. I januar 2024 song Georg Tangen også inn ein geitelokk og eit par barnevers til Kjersti Møllerup Wiik. Her i Barnesongboka finn du «Har du sett nåke tå geite`na mina» og «Man`n sa te` kåno si».

«Man`n sa te` kåno si» er eit barnevers som finst i mange variantar fleire stadar i Hordaland, mellom anna på Laksevåg i Bergen. Hjå Støylen finn me dette verset under namnet «Den sunde buksa» (Støylen, 1899) og han skriv at den finst i både Hordaland, Ryfylke og på Austlandet. Verset finst også på bokmål i Bergersen si Lesebok (Bergersen, 1939). Utover 1950-talet og heilt fram til utover 2000-talet dukkar verset opp som «Mannen og kjerringa» i ulike lesebøker og rim- og reglebøker (m.a. Egner, 1950, Bull, 1988 og Wærnes, 1999). Det er berre i versjonen frå Fedje at «palepu» er med. Me har også funnet ein variant frå Sandnes som har to vers. I det andre verset føreslår mannen å reisa til byen i berre underbuksa, men då fann kona både nål, tråd og lapp! (Jf. nettside til Sandnes folkedanslag).

Previous
Previous

Lit`n, lit`n småkar

Next
Next

Mari, Mari Nipa