Mari, Mari Nipa

Bergljot Helene Lyssand Bjørø (f.1951)

kjem frå Heien/Lyssand i Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommune). Faren hennar, Henrik M. Lyssand (1912-1989) var målar, dirigert, komponist og musikar. Bergljot budde fem av sine barneår i Chicago, USA. Sidan kom ho attende til Os. Ho gjekk på Voss folkehøgskule og studerte musikk hjå Per Indrehus. Så vart det utdanning som faglærar i musikkbarnehage og pianogrupper ved Veitvet musikkskole/Østlandets Musikkonservatorium som no er innlemma i Norges musikkhøgskole. Ho har og teke grunnfag og mellomfag i spesialpedagogikk. I heimen var det mykje song og musikk. Bergljot har sunge i kor i nær 60 år.

Bergljot har på mange måtar vore ein pioner i Os sitt kulturliv. Ho starta musikkbarnehage og eiga pianoundervisning i heimkommunen i 1973. Det var før Os kulturskule var kome i gang. Ho starta tidleg med kurs i baby-og småbarnssong. I mange år reiste Bergljot og to andre lærarar frå kulturskulen rundt med «Os Tradisjonar». Det var eit opplegg til alle 6.klassane i kommunen, og var tufta på musikk-tradisjonar frå Os. Bergljot har også teke ei 3-årig utdanning i Vestlandske teaterlag og hatt teatergrupper. Ho starta også, og var leiar, ved SFO-ordninga ved Os skule. Der hadde ho også mellom anna skrivedans med 1.klassane ved skulen. Ho har også vore i og halde kurs i alle barnehagane i kommunen, der ho brukte mykje folketonar.

Bergljot H.L. Bjørø har også intervjua gamle kjelder for å læra seg barnesongtradisjonar i Os. På 1990-talet intervjua ho fleire eldre kjelder i Os kommune. Ho har lete seg inspirera av fleire gode kulturberarar. Her kan nemnast Annanias Lien (1916-2009) som var ein sterk kulturberar frå Hegglansdalen. Det var også tanta Helga Lyssand Bjørnør (1924- 2006) og farfaren Mons H. Lyssand (1890- 1968). Bergljot samla inn og nedteikna det ho fann av songar. Bergljot H.L. Bjørø er også oppteken av trommeslått-tradisjonen. Denne stod sterkt m.a. i Os og Fusa og i gamle Sund kommune. Bergljot er ein viktig tradisjonsbærar i Bjørnafjorden (tidlegare Os og Fusa). Ein yngre dyktig arvtakar frå same region er Eirin Røykenes.

I januar 2024 song Bergljot Bjørø inn ei rekkje lokale barnesongar frå Bjørnafjorden til innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Me er glade for å kunne presentere «Ka ska fru ha te mat», «Lever og mort», «Mari, Mari Nipa» og «Ro, ro te Relteland» her i Barnesongboka.

«Mari, Mari Nipa» er eit barnevers som Bergljot har lært etter farfaren sin, Mons H. Lyssand. Verset song dei når dei laga seljefløyte om våren og skulle ta borken av den. Dei banka på borken med skaftet av kniven medan dei song. Dei magiske orda i songen skulle få borken til å løyse. Slike magiske vers finst over heile landet (sjå t.d. Ledang, 2022:36).

Previous
Previous

Man`n sa te kåno si

Next
Next

Ola`n kveikte i pipo si