Ola`n kveikte i pipo si

Kari Grete Sande (f.1947)

vaks opp i Heimark i Austevoll saman med faren Konrad Heimark (1917-2006) og mora Gyda Sæverud Heimark (1915-1984), samt fire brødre. Ho gjekk grunnskulen der, og tok også framhaldskule og realskule i kommunen. Sidan reiste ho til Voss for å gå på handelsskule. Omstende gjorde at Reidun reiste heim og starta som postopnar. Sidan vart det utdanning i Postverket i Bergen, og ho arbeidde mange år i etaten. Ho var mellom anna postmeister på Husnes i ein del år.

Kari Grete lærde å spele toradar, men det er songen som har stått hjarta hennar nærast. Ho lærde mange songar av mor si og onkelen Ole Heimark (1914-2011). Kari Grete har sunge i kyrkjekor og er no medlem av Husnes Blandakor der ho har vore medlem i 3 år. Kari Grete er no busett på Sandvoll i Kvinnherad.

Kari Grete Sande delte fleire songar og regler med Kjersti Møllerup Wiik i april 2024. Her i Barnesongboka finn du «Ola`n kveikte i pipo si».

«Ola`n kveikte i pipo si» er eit barnevers som me kjenner frå mellom anna Bømlo. Kari Grete lærte verset av onkelen sin, Ole Heimark. Melodien og variantar av denne finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær». Den er også brukt av kjente forfattarar, til dømes til «Bekken går i enge» («Renlighed») av Henrik Wergeland (Wergeland, 1850) og «Kveld-sang for Blakken»/ «Fola, fola Blakken» frå Nordahl Rolfsens lesebok (Rolfsen, 1906). Også her i Barnesongboka finn me denne melodien i fleire variantar, til dømes til «Ro, ro te Baltaskjer» etter Anna Utne frå Sund, «Ro, ro på fjord`n» etter Jenny Mathilde Olsnes frå Fedje og «Ro, ro te Siraland» etter Ingeborg Mjanger frå Masfjorden.

Previous
Previous

Mari, Mari Nipa

Next
Next

Pusekatt, kor låg du i natt (Lindås)