Pusekatt, kor låg du i natt (Lindås)
Arngunna Helene Wiik (1917-1995)
Var fødd Milde på Store-Milde i Fana. Familien hadde gardsbruk og dreiv landhandel. Ho var nest yngst av seks søsken. Far deira, Møllerup Hansen Milde, var særs song- og musikkinteressert. Arngunna vaks opp i ein heim der det var dagleg kost å lytta til orgel og fiolinspel. Møllerupen hadde også ei særs god barytonrøyst. Yngste bror hennar, Leiv, vart ein meister på trekkspel og orgel. Sjølv fekk ho tidleg lære å spela orgel hjå Ingolf Skage som var organist i Fana. Seinare fekk ho undervisning i organistfaget ved den institusjonen i Bergen som i seinare vart nemnd som Bergen musikkonservatorium/Griegakademiet i Bergen. Arngunna var organist i Hundvin kyrkje i mange år, og bidrog også med akkompagnement når det var arrangement i andre forsamlingshus i bygda. Ei tid hadde ho også kyrkjekor i Hundvin. Arngunna hadde vore elev ved Fana folkehøgskule, og hadde eit stort tilfang av songar som ho hadde lært der og heime. Folkeviseleiken og folkevisene lærde ho m.a. av Hulda Garborg og Klara Semb. Arngunna var fødd i 1917, men var svært open for nye retningar og musikalske uttrykk. I tillegg til kyrkjemusikk sette ho også jazzen høgt. Orgelspel og fele høyrde saman i kyrkja meinte ho. Difor samarbeidde ho under gudstenester med felespelaren Per Hundvin. Arngunna er kjelde for: «Pusekatt, kor låg du i natt» og «So sudla ho mor på råkkjen sin». Opptak av desse er gjort i 1995 av dottera, Kjersti Møllerup Wiik.
«Pusekatt, kor låg du i natt» er ein variant av den meir kjente «Lille pusekatt» som er ein av dei mest kjente barnesongane i vår tid. Namnet på barnet vert byta ut slik at det passar. Du finn også ein annan variant av songen i denne boka etter Elias Mjåtveit (1874-1957) frå Meland/Alver (sjå denne).
Illustrasjon: Jahzara Walde