Reven han sat oppi såte

Reven han sat oppi såte (Barnesongboka)side1.jpg

Gunnstein Kolstad (1916-2007)

kom frå Manger på Radøy (no Alver kommune) og vaks opp saman med fem sysken. Han var utdanna agronom og arbeidde som bonde. Han var også aktiv kommunepolitikar for Senterpartiet. Far hans, Karl G. Kolstad (1886-1953), var ordførar i Radøy kommune ei tid. Gunnstein var notekunnig og hadde fått musikkopplæring. Han var medlem i Manger Musikklag og dirigerte dei i 15 år (1936-1945, 1951-56). Han dirigerte også andre korps i nesten like mange år. Gunnstein spelte både bass, tenorhorn, baryton og trombone. Han var også medlem i songkor. Han lærte songen om reven frå mor si, Margreta Jordal Kolstad (1888-1978). Gunnstein var gift med Aslaug Askeland Kolstad (1917-2013). Han deltok aktivt i ulikt organisasjonsarbeid – først og fremst knytt til landbrukssamyrket, samt han var lokalhistorikar og heldt føredrag. Gunnstein skreiv også dikt. Det mest kjende er «Septembersol» som vart tonesett og framført av Manger Musikklag i samband med 90-årsfeiringa deira i 2012. For sitt rike arbeid mottok Gunnstein Kolstad Radøy kommune sin kulturpris i 1990, samt Kongens fortenestemedalje i 1993. Han song inn songen om reven og fleire andre songar til Kjersti Møllerup Wiik i 1998. Opptaka er arkivert ved Arne Bjørndals Samling.

«Reven han sat oppi såte» er eitt av dei mest populære barneversa våre, og finst i svært mange variantar over heile landet. Barneversa har vore brukt til å underhalda barna og dette er jo ein spennande song om at den lure reven prøver å lokke lammet til seg, men lammet forstår kva planar reven har og vil ikkje kome. I denne digitale boka finn du i tillegg til denne varianten frå Radøy/Alver, varianten «Reven sat i sete» etter Per Hundvin frå Lindås/Alver og «Reven han sat på sete» etter Johanna Duesund frå Masfjorden.

Illustrasjon: Sunniva Westermoen

Illustrasjon: Sunniva Westermoen

Previous
Previous

Pust, pust, palebrok og pust

Next
Next

Reven han sat på sete (Masfjorden)