Reven han sat på sete (Masfjorden)
Johanna Duesund (1907-2004)
var frå garden Berge ved Duesund i Masfjorden kommune. Ho var nummer seks av ti heil- og halvsysken. Songen hadde ein sentral plass i heimen både i helg og kvardag. Far hennar, Berge Rognaldson Duesund (1862-1954), var ein framifrå songar og talar, og han vart ofte nytta som kjømeister i gravferder (Horvei, 1998). Faren til Johanna song salmar og mora, Malena Olsdatter Duesund (f. Skjeggedal, 1871-1950), nynna bånsullar medan rokken gjekk. Ho fekk tidleg interesse for song, og lærde seg repertoaret til foreldra. Johanna var også med i songkor i mange år. Ho var svært glad i born, og heldt søndagsskule i meir enn 30 år. Elles jobba ho som hushjelp, servitør og som budeie i Masfjordfjella. Innsamlar Kjersti Møllerup Wiik gjorde opptak med Johanna Duesund i 1995. Opptaka er arkivert ved Arne Bjørndal Samling. Songen er nedteikna av Einar Mjølsnes i 1997.
«Reven han sat på sete» er eitt av dei mest populære barneversa våre, og finst i svært mange variantar over heile landet. Barneversa har vore brukt til å underhalda barna og dette er jo ein spennande song om at den lure reven prøver å lokke lammet til seg, men lammet forstår kva planar reven har og vil ikkje kome. I denne digitale boka finn du i tillegg til denne varianten frå Masfjorden, varianten «Reven sat i sete» etter Per Hundvin frå Lindås/Alver og «Reven han sat oppi såte» etter Gunnstein Kolstad frå Radøy/Alver.
Illustrasjon: Sunniva Westermoen