Reven og rotto og gris`n
«Reven, rotto og gris’n» er eit barnevers som har følgd oss i mange år og som me ikkje lenger veit heilt kor me lærte. Det me veit sikkert er at den i dag er ein populær barnesong når me reiser rundt i skular og barnehagar, og barn over heile Hordaland (og elles i landet?) syng ivrig med på denne. Derfor fekk den ein plass her. Songen eignar seg til å syngje i kanon (sjå tala 1, 2, 3 i noten for kor det kan vera lurt å starta). Det er også fint å gjera rørsler til den. I denne boka finn du også «Både røtto og reven og gris`n» etter Øystein Vikane frå Austrheim, som er ein durvariant av denne songen (sjå denne).
Illustrasjon: Jahzara Walde