Ro, ro Ralte

Mariann Andresen (f.1952)

er fødd og oppvaksen i Vinnesvåg i Austevoll. Der budde ho saman med m.a. faren Olav Andresen (1919-1981) og mora Margot Dypevåg Hansen (1929-2019). Ho er den eldste av fire søstre. Kommunedelinga var annleis tidlegare enn i dag. Fram til 1964 høyrde Vinnesvåg til Fitjar kommune.

Mariann gjekk i grunnskulen på heimstaden, og har arbeidd ved Austevoll omsorgssenter i 39 år. Ho har spelt litt gitar, og songane ho lærde som barn har ho etter grandtante Johanna Vinnes Morland (1897-1985) i Vinnesvågen.

I april 2024 song Mariann inn nokre barnevers til innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. I Barnesongboka finn de «So rikka me, so ror me» og «Ro, ro Ralte» etter ho. Mariann har lært begge desse barneversa av grandtanta, Johanna Morland frå Vinnesvågen.

«Ro, ro Ralte» er eit barnevers som finst i svært mange ulike variantar i heile landet. Her i Barnesongboka finn du ein versjon om «Ro, ro Relte» etter Gunnar Hosøy frå Alver, samt «Ro, ro te` Relteland» etter Bergljot Helene Lyssand Bjørø frå Bjørnafjorden og «Roane, roane Relte» etter Wenche Berg Husebø frå Alver/Askøy. Versjonen frå Bjørnafjorden har ein annan melodi. Fleire variantar av førstelinja «Ro, ro Relte» heldt fram slik versjonen frå Austevoll og Alver, men ein ror heimatt til både far, mor, syster, bror og bestemor (m.a. i Landstad, 1853). Elles kjenner me ein variant av «Ro, ro Ralte» som handlar om å kjøpe flesk og salte (m.a. i Støylen, 1899).

Melodien finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær». Den er også brukt av kjente forfattarar, til dømes til «Bekken går i enge» («Renlighed») av Henrik Wergeland (Wergeland, 1850) og «Kveld-sang for Blakken»/ «Fola, fola Blakken» frå Nordahl Rolfsens lesebok (Rolfsen, 1906). Også her i Barnesongboka finn me denne melodien i fleire variantar, til dømes til «Ro, ro te Baltaskjer» etter Anna Utne frå Sund, «Ro, ro på fjord`n» etter Jenny Mathilde Olsnes frå Fedje, «Ro, ro te Siraland» etter Ingeborg Mjanger frå Masfjorden og «Byssa lulla leia» etter Sesilie Reistad frå Samnanger.

Previous
Previous

Ro, ro på fjord`n

Next
Next

Ro, ro Relte