Ro, ro Relte

Gunnar Hosøy (f.1933)

vart fødd i Sjurneset på Rødland, i gamle Lindås kommune (no Alver). Han gjekk grunnskule på heimstaden, og byrja deretter som fiskar. Dei fleste åra av sin yrkeskarriere arbeidde han i Statens Vegvesen. Han har budd på Ostereidet og i Knarvik.

Gunnar fekk ikkje noko musikkopplæring, men har ein god songtradisjon frå mora, Olina Gjelsvik Hosøy (1898-1975).

I oktober 2023 delte Gunnar Hosøy nokre barnevers og regler med innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. I Barnesongboka finn de «Ro, ro Relte» som han lærte av mor si, Olina Gjervik Hosøy.

«Ro, ro Relte» er eit barnevers som finst i svært mange ulike variantar i heile landet. Her i Barnesongboka finn du ein versjon om «Ro, ro Ralte» etter Mariann Andresen frå Austevoll, samt «Ro, ro te Relteland» etter Bergljot Helene Lyssand Bjørø frå Bjørnafjorden og «Roane, roane relte» etter Wenche Berg Husebø frå Alver/Askøy. Versjonen frå Bjørnafjorden har ein annan melodi. Fleire variantar av førstelinja «Ro, ro Relte» heldt fram slik versjonen frå Austevoll og Alver, men ein ror heimatt til både far, mor, syster, bror og bestemor (m.a. i Landstad, 1853). Elles kjenner me ein variant av «Ro, ro Ralte» som handlar om å kjøpe flesk og salte (m.a. i Støylen, 1899).

Melodien finst i folketradisjonen med mange ulike tekstar, mellom anna «Skjære, skjære havre», «Bro, bro brille» og «Ro, ro til fiskeskjær». Den er også brukt av kjente forfattarar, til dømes til «Bekken går i enge» («Renlighed») av Henrik Wergeland (Wergeland, 1850) og «Kveld-sang for Blakken»/ «Fola, fola Blakken» frå Nordahl Rolfsens lesebok (Rolfsen, 1906). Også her i Barnesongboka finn me denne melodien i fleire variantar, til dømes til «Ro, ro te Baltaskjer» etter Anna Utne frå Sund, «Ro, ro på fjord`n» etter Jenny Mathilde Olsnes frå Fedje, «Ro, ro te Siraland» etter Ingeborg Mjanger frå Masfjorden og «Byssa lulla leia» etter Sesilie Reistad frå Samnanger.

Previous
Previous

Ro, ro Ralte

Next
Next

Ro, ro rikke