Ro, ro te` Fiskeskjær

JONAS KNUTSEN HERDLEVÆR (1872-1963)

var fødd og oppvaksen på Herdlevær i Øygarden, der slekta hadde vore busett frå 1700-talet. Foreldra hans var Knut Jonassen Herdlevær (1834-1918) og Britha Jensdotter Skjelanger (1836-1892). Jonas Knutsen Herdlevær var gift med Nilsine Bertine Knutsdotter Skurtveit (1872-1943). I folketeljinga for 1910 finn ein at dei hadde tre døtre og to søner. Jonas var gardbrukar og fiskar. I aviser frå 1920- og 30-talet kan ein lesa at han sat i heradsstyret i Herdla, i kyrkjelydsrådet og var representant frå Herdla i mellom anna Nordhordland fiskeristyre. Han var også vald som lagrettemann. (Kjelde: Nasjonalbiblioteket Nettbiblioteket; Aviser).

Arne Bjørndal gjorde opptak med Jonas Knutsen Herdlevær i 1958. Herdlevær song inn fleire små barnevers og viser. Materialet er lagra på Arne Bjørndals samling og på Norsk folkemusikksamling ved Nasjonalbiblioteket.

«Ro, ro te Fiskeskjær» er eit barnevers som finst i mange variantar over heile landet. Verset etter Jonas Herdlevær finn me som vers to i den i dag meir kjente varianten der ein fiskar til mor, far, søster og bror, og til barnet. Me finn begge versa i Norsk læsebog frå 1868 (Eriksen, 1868:40). Dei er også med i P.A. Jensens lesebok (Jensen, 1873:9). Det meir kjente førsteverset er også å finna i ei dansk omsetjing frå 1864 av romanen Oldgranskeren av den skotske diktaren og romanforfattaren Walter Scott (1771-1832) (Scott, 1864:349). Dette er ei relativt fri omsetjing av det som truleg er ei skotsk folkevise i originalteksten, og denne har truleg den danske omsetjaren, L. Moltke, henta frå dansk folkekultur då det er referert til at det er ei «gammel ammestuevise». Songen er å finna på nynorsk i Støylen (1899). Der har den ein annan melodi.

Illustrasjon: Helin Alp

Previous
Previous

Ro, ro te Baltaskjer

Next
Next

Ro, ro te Relteland