Ro, ro te Relteland

Bergljot Helene Lyssand Bjørø (f.1951)

kjem frå Heien/Lyssand i Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os og Fusa kommune). Faren hennar, Henrik M. Lyssand (1912-1989) var målar, dirigert, komponist og musikar. Bergljot budde fem av sine barneår i Chicago, USA. Sidan kom ho attende til Os. Ho gjekk på Voss folkehøgskule og studerte musikk hjå Per Indrehus. Så vart det utdanning som faglærar i musikkbarnehage og pianogrupper ved Veitvet musikkskole/Østlandets Musikkonservatorium som no er innlemma i Norges musikkhøgskole. Ho har og teke grunnfag og mellomfag i spesialpedagogikk. I heimen var det mykje song og musikk. Bergljot har sunge i kor i nær 60 år.

Bergljot har på mange måtar vore ein pioner i Os sitt kulturliv. Ho starta musikkbarnehage og eiga pianoundervisning i heimkommunen i 1973. Det var før Os kulturskule var kome i gang. Ho starta tidleg med kurs i baby-og småbarnssong. I mange år reiste Bergljot og to andre lærarar frå kulturskulen rundt med «Os Tradisjonar». Det var eit opplegg til alle 6.klassane i kommunen, og var tufta på musikk-tradisjonar frå Os. Bergljot har også teke ei 3-årig utdanning i Vestlandske teaterlag og hatt teatergrupper. Ho starta også, og var leiar, ved SFO-ordninga ved Os skule. Der hadde ho også mellom anna skrivedans med 1.klassane ved skulen. Ho har også vore i og halde kurs i alle barnehagane i kommunen, der ho brukte mykje folketonar.

Bergljot H.L. Bjørø har også intervjua gamle kjelder for å læra seg barnesongtradisjonar i Os. På 1990-talet intervjua ho fleire eldre kjelder i Os kommune. Ho har lete seg inspirera av fleire gode kulturberarar. Her kan nemnast Annanias Lien (1916-2009) som var ein sterk kulturberar frå Hegglansdalen. Det var også tanta Helga Lyssand Bjørnør (1924- 2006) og farfaren Mons H. Lyssand (1890- 1968). Bergljot samla inn og nedteikna det ho fann av songar. Bergljot H.L. Bjørø er også oppteken av trommeslått-tradisjonen. Denne stod sterkt m.a. i Os og Fusa og i gamle Sund kommune. Bergljot er ein viktig tradisjonsbærar i Bjørnafjorden (tidlegare Os og Fusa). Ein yngre dyktig arvtakar frå same region er Eirin Røykenes.

I januar 2024 song Bergljot Bjørø inn ei rekkje lokale barnesongar frå Bjørnafjorden til innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Me er glade for å kunne presentere «Ka ska fru ha te mat», «Lever og mort», «Mari, Mari Nipa» og «Ro, ro te Relteland» her i Barnesongboka.

«Ro, ro te Relteland» er eit barnevers som finst i ulike variantar i heile landet. Hjå Støylen finst ein versjon frå Telemark der tekst og melodi er svært lik denne (Støylen, 1899). Her i Barnesongboka finn du elles «Ro, ro Relte» etter Gunnar Hosøy, «Ro, ro Ralte» etter Mariann Andresen frå Samnanger og «Roane, roane relte» etter Wenche Berg Husebø frå Alver/Askøy. Desse har ein annan melodi enn denne frå Bjørnafjorden.

Illustrasjon: Karoline Holmetun

Previous
Previous

Ro, ro te` Fiskeskjær

Next
Next

Ro, ro te Siraland