Roane, roane Relte
Wenche Berg Husebø (f.1963)
vart fødd i Bergen, og er oppvaksen i Bergen og på Ryland i Meland (no Alver kommune). Wenche utdanna seg innan kjøkkenfaget. Ho har alltid vore glad i song, og var også med i koret «Unge Røster». Dessutan spelar ho litt piano.
Wenche lærte mange songar av søstrene sine, men først og fremst har ho sin tradisjon frå mormora, Hermanda Karina Larsdotter Berg (1903-1987), som budde på Bekkeneset på Askøy. Mormora lærte henne mange gamle songar. Wenche har i ettertid vidareført sine songskattar til sonen sin og barneborna.
Wenche har gjort eit stort arbeid for delar av det frivillige organisasjonslivet. Ho har vore speidarleiar. I 2003 var ho med å grunnla «Stiftelsen Robin-Hood-huset», der ho også var styreleiar. Denne organisasjonen er ein rusfri og livssynsnøytral møteplass for økonomisk vanskelegstilte og nettverkssøkjande. I 1995 var ho også med å starta «Aksjonsgruppen mot sosial nød i Bergen». Eit viktig arbeid for ei mjukare arbeidslinje og avskaffing av barnefattigdom. Ho er elles med å arrangere pensjonist-kafear.
I september 2023 delte Wenche Berg Husebø fleire songar med innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Her i Barnesongboka finn de geitelokken «Ser du nåke te søtebødna mina» og barneverset «Roane, roane Relte».
«Roane, roane Relte» er eit barnevers som finst i svært mange ulike variantar i heile landet. Her i Barnesongboka finn du ein versjon om «Ro, ro Ralte» etter Mariann Andresen frå Austevoll, «Ro, ro Relte» etter Gunnar Hosøy frå Alver, samt «Ro, ro te` Relteland» etter Bergljot Helene Lyssand Bjørø frå Bjørnafjorden. Melodien etter Wenche og melodien frå Bjørnafjorden skil seg frå dei andre som går på den meir kjente «Ro, ro til fiskeskjær»-melodien. «Roane, roane Relte» eignar seg til å syngje i kanon (sjå tala 1 og 2 i noten for å sjå kor det kan vera lurt å starte).
Illustrasjon: Hedda Olea Hovemoen