Rojen

Jacob Seljelid (1915- 2014)

var fødd og oppvaksen på garden Seli/Seljelid i Lindås (no Alver kommune). Han var ein av 11 sysken. Jacob tok utdanning i militæret, og hadde vel helst sett for seg ei karriere innan det systemet. Men han vart kalla heim for å driva farsgarden (Eikemo, 2014). Denne dreiv han i 30 år saman med to søstre fram til 1985. Han var då pensjonist og emigrerte til Sør-Dakota i USA og gifta seg der. Jacob vart buande i USA i 20 år. På sine eldre dagar kom han att til Noreg. Det var i den tida han song interessante strilaviser for innsamlaren, Kjersti Møllerup Wiik. Dette var seint på 1990-talet. Jacob Seljelid var med i ulike organisasjonar der han hadde diverse verv. Han ivra for Hundvinbygda; for meieriet, ungdomshuset «Dalheim» og ungdomslaget «Nybrott», for mållaget, historielaget og for slektshistorie. Jacob var songinteressert også. Han hadde mange viser og vers på repertoaret. I denne samanheng er Jacob kjelde for «Pust, pust, pust, pust palebrok og pust» og «Rojen».

«Rojen» er eit slåttestev til ein variant av reinlendaren «Rugen»/ «Sjuaren» som har fått namna sine frå to kjende turdansar. Me har i denne boka med fleire variantar av stevet til denne slåtten; «Vedatjuven» etter Haakon Aase frå Meland/Alver, «Smalatjuven» frå Matre i Masfjorden og «Pust, pust, pust, pust palebrok og pust» som også er etter Jacob Seljelid.


Illustrasjon: Mali Sørvik

Previous
Previous

Roane, roane Relte

Next
Next

Ser du`kje, ser du `kje geit`na mine