Ser du`kje, ser du `kje geit`na mine
Abelone Møgster (1883-1975)
var fødd på Møkster i Austevoll. Ho var einsleg heile livet, men ikkje einsam. Hjå Lona som ho vart kalla, var det samlingsplass (Horvei, 1998:37). Lona arbeidde som landhandlar, postopnar og skipsekspeditør heilt vest i havet i Austevoll. Landskapet og været kunne vera utfordrande, men Abelone var ei fordomsfri, framsynt og dugande forretningskvinne. Ho kvidde seg ikkje for noko. I all slags vær måtte ho ut og henta brødkassa si når dampen fòr forbi. Frå Møkster var det mykje skøytetrafikk til England under 2.verdskrig. Hjå Abelone fekk dei tak i proviant, diesel m.m. Ho vart diverre arrestert av tyskarane og vart NN-fange i Ravensbrück. Tida i leiren var prega av redsle, sjukdom og svolt, men Abelone hadde eit trøystande ord til andre som trong det. Ho song for medfangane sine. Geitelokken vart hennar varemerke (Horvei, 1998:15). Ho vart tildelt Kongens Fortjenestemedalje i gull i 1958 for sin innsats som motstandskvinne under krigen. I 2011 vart eit fiskefartøy kalla oppatt etter ho (Mongstad, 2011).
Abelone song geitelokken inn i samband med eit radiointervju med NRK i 1957 (Horvei, 1998:240).
«Ser du `kje, ser du `kje geit`na mine» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma. Ho song og nytta ropeord, til dømes «kobma no» (kom no) når ho ropte på kyrne, eller «tysa, tysa» når ho ropte på sauene. Ho kalla dyra ved namna deira, og tralla gjerne også ein slått eller ein annan melodi innimellom. Ho brukte kraftig røyst, og songen bar langt av garde. Dyra kjente att lokken og stemma hennar. Det hendte også at budeiene lokka og song beskjedar mellom dei ulike stølane. Nokre stadar i landet er dette kjent som laling/huving. Nokon meinte at lokkane var magiske og kunne skremma dei underjordiske, samt dei kunne også skremma rovdyr. Du finn fleire geitelokkar her i Barnesongboka, m.a. «Ima Grima» etter Per Hundvin frå Lindås/Alver, «Ser du nåke te søtebødna mina» etter Wenche Berg Husebø frå Alver/Askøy og «Ser du nåke til litle, grå geita» etter Inge M. Takle frå Gulen.
Illustrasjon: Tuva Marie Bergtun