Ser du nåke te søtebødna mina

Wenche Berg Husebø (f.1963)

vart fødd i Bergen, og er oppvaksen i Bergen og på Ryland i Meland (no Alver kommune). Wenche utdanna seg innan kjøkkenfaget. Ho har alltid vore glad i song, og var også med i koret «Unge Røster». Dessutan spelar ho litt piano.

Wenche lærte mange songar av søstrene sine, men først og fremst har ho sin tradisjon frå mormora, Hermanda Karina Larsdotter Berg (1903-1987), som budde på Bekkeneset på Askøy. Mormora lærte henne mange gamle songar. Wenche har i ettertid vidareført sine songskattar til sonen sin og barneborna.

Wenche har gjort eit stort arbeid for delar av det frivillige organisasjonslivet. Ho har vore speidarleiar. I 2003 var ho med å grunnla «Stiftelsen Robin-Hood-huset», der ho også var styreleiar. Denne organisasjonen er ein rusfri og livssynsnøytral møteplass for økonomisk vanskelegstilte og nettverkssøkjande. I 1995 var ho også med å starta «Aksjonsgruppen mot sosial nød i Bergen». Eit viktig arbeid for ei mjukare arbeidslinje og avskaffing av barnefattigdom. Ho er elles med å arrangere pensjonist-kafear.

I september 2023 delte Wenche Berg Husebø fleire songar med innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. Her i Barnesongboka finn de geitelokken «Ser du nåke te søtebødna mina» og barneverset «Roane, roane Relte».

«Ser du nåke te søtebødna mina» er ein geitelokk og høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma. Ho song og nytta ropeord, til dømes «kobma no» (kom no) når ho ropte på kyrne, eller «tysa, tysa» når ho ropte på sauene. Ho kalla dyra ved namna deira, og tralla gjerne også ein slått eller ein annan melodi innimellom. Ho brukte kraftig røyst, og songen bar langt av garde. Dyra kjente att lokken og stemma hennar. Det hendte også at budeiene lokka og song beskjedar mellom dei ulike stølane. Nokre stadar i landet er dette kjent som laling/huving. Nokon meinte at lokkane var magiske og kunne skremma dei underjordiske, samt dei kunne også skremma rovdyr. Her i Barnesongboka finn du ein variant av denne songen, «Har du sett nåke tå geit`na mina» etter Georg Tangen frå Fedje. Det finst også fleire andre geitelokkar i boka der ein kan kjenne att geitenamna.

Illustrasjon: Nikoline Alver Henanger

Previous
Previous

Ser du`kje, ser du `kje geit`na mine

Next
Next

Ser du nåke til litle, grå geita