Ser du nåke til litle, grå geita

Inge Monsson Takle (1912-2008)

vart fødd og budde på Takle i Gulen kommune. Han gjekk grunnskulen på heimplassen, og var dreng og reiste på fiske. I 1938 gifta han seg med Magna J. Takle. (1914-2014). Dei overtok gamlehuset på heimegarden hennar og hadde to kyr og eit titals sauer der, samt smie i kjellaren. Etter ei utskifting laut dei flytte på seg og bygde nytt hus og ny løe. Inge M. var utdanna smed frå Sogndal og han tok også Statens Husindustriskule i Haus. Han starta med lastebilkøyring og seinare drosjekøyring i Brekke. Han var faktisk den første med bil i Brekke (1937). I 1943 vart Takle Kraftstasjon teken i bruk. Her var Inge M. førstemaskinist i over 50 år. I 1961 reiste han til Høyanger og tok røyrleggjarutdanning. Inge M. Takle var av det innovative slaget. Han starta røyrleggjarfirma og dreiv det til han var godt over 80 år.

Inge M. Takle var svært kulturinteressert. Han fekk ikkje noko offentleg musikalsk skulering, men tok seg fram innan musikkfaget likevel. Slekta var av det musikalske slaget. Familien kan fortelja at han plystra eller song alltid både til arbeid og fest. I sin ungdom spelte han trekkspel. Felespelet følgde med han gjennom livet. Han spelte og song i mange bryllaup. Elles opptredde han mykje i ulike samanhengar. Han overtok dirigentjobben for eit blandakor i 1945. Koret var aktive fram til 1956. I 1965 starta han Brekke Mannskor og dirigerte det i 20 år. I 1985 vart det starta pensjonistkor i Gulen og Inge M. Takle var dirigent i 10 år. I 1994 mottok Inge M. Takle Kongens fortenestemedalje i sølv for 50 års innsats som maskinist for Takle Kraftstasjon og for særs aktiv deltaking i kulturlivet.

Inge M. Takle song inn fleire viser og vers. Dei er lagra ved Vestland fylkeskommune, seksjon arkiv i Leikanger. Vi er glade for å kunne presentere fleire av desse i songboka vår: «Katt`n sat oppå takja» og «Ser du nåke te litla grå geita».

«Ser du nåke til litle, grå geita» er ein geitelokk. Dei første taktane av melodien har mykje til felles med første veket til slåtten «Halling frå Tysnes». Det finst ein versjon av teksten hjå Støylen frå Sunnfjord (Støylen, 1899) der den heiter «Den store, grå geita». Geitelokkane høyrer til songane som var knytt til stølslivet. På somrane sendte dei ofte dyra til fjells på stølen (sætra). Det var budeia som hadde ansvar for å passa på dyra, og ho mjølka, kinna smør, kokte mat, vaska kle og kjerald, henta ved og stelte med andre oppgåver som skulle gjerast. Dyra vart sleppt ut på beite om morgonen etter mjølking, og kom tilbake på kvelden. Dersom dei ikkje kom sjølv, måtte budeia lokka på dei for at dei skulle koma. Ho song og nytta ropeord, til dømes «kobma no» (kom no) når ho ropte på kyrne, eller «tysa, tysa» når ho ropte på sauene. Ho kalla dyra ved namna deira, og tralla gjerne også ein slått eller ein annan melodi innimellom. Ho brukte kraftig røyst, og songen bar langt av garde. Dyra kjente att lokken og stemma hennar. Det hendte også at budeiene lokka og song beskjedar mellom dei ulike stølane. Nokre stadar i landet er dette kjent som laling/huving. Nokon meinte at lokkane var magiske og kunne skremma dei underjordiske, samt dei kunne også skremma rovdyr. Du finn fleire geitelokkar her i Barnesongboka, m.a. «Ima Grima» etter Per Hundvin frå Lindås/Alver, «Ser du nåke te søtebødna mina» etter Wenche Berg Husebø frå Alver/Askøy og «Ser du`kje, ser du `kje geit`na mine» etter Abelone Møgster frå Austevoll.

Illustrasjon: Helena Brakvatne Heggøy

Previous
Previous

Ser du nåke te søtebødna mina

Next
Next

So bleis han øpp ein norrvestevind