So bleis han øpp ein norrvestevind
Anna O. Midtveit (1877-1973)
var fødd på Telle i Sund 30.08.1877. Foreldra hennar var Bothilde Monsdatter (f.1828) og Ole Mikkelsen Telle (f.1833). Anna gifta seg i 1900 med Kristen Martin Monsen Midtveit (1878-1972). Han var gardbrukar, fiskar og skomakar. Dei fekk fleire born.
Anna song inn fleire barnesongar til Arne Bjørndal på 1950-talet. Ho var då kårkone i Telavågen i Sund. Her i Barnesongboka finn du «Pusekatt`n set oppå takje» og «So bleis han øpp ein norrvestevind» etter ho.
«So bleis han øpp ein norrvestevind» er eit lite barnevers som går i masurkatakt. Bjørndal fortel på opptaket at det er ein gamal leik. Songen er kjent mellom anna frå Hålandsdalen etter Kristine Sjurseter, samt i Solund og Jølster i tidlegare Sogn og Fjordane (jf. Norsk folkemusikksamling).
Illustrasjon: Anke Mathea Lilletvedt