So rikka` me, so ror me

Mariann Andresen (f.1952)

er fødd og oppvaksen i Vinnesvåg i Austevoll. Der budde ho saman med m.a. faren Olav Andresen (1919-1981) og mora Margot Dypevåg Hansen (1929-2019). Ho er den eldste av fire søstre. Kommunedelinga var annleis tidlegare enn i dag. Fram til 1964 høyrde Vinnesvåg til Fitjar kommune.

Mariann gjekk i grunnskulen på heimstaden, og har arbeidd ved Austevoll omsorgssenter i 39 år. Ho har spelt litt gitar, og songane ho lærde som barn har ho etter grandtante Johanna Vinnes Morland (1897-1985) i Vinnesvågen.

I april 2024 song Mariann inn nokre barnevers til innsamlar Kjersti Møllerup Wiik. I Barnesongboka finn de «So rikka me, so ror me» og «Ro, ro Ralte» etter ho. Mariann har lært begge desse barneversa av grandtanta, Johanna Morland frå Vinnesvågen.

«So rikka me, so ror me» er eit barnevers som me kjenner mellom anna frå Fitjar (Horvei, 1999:56). Varianten etter Mariann er spennande, då den har ein del om å kjøpa sjokolade og drops som me ikkje kjenner frå andre versjonar! Det kan såleis verka som om den er sett saman av fleire små barnevers.

Previous
Previous

So bleis han øpp ein norrvestevind

Next
Next

So, ro godt badn