So sudla ho mor på råkkjen sin

Arngunna Helene Wiik (1917-1995)

var fødd Milde på Store-Milde i Fana. Familien hadde gardsbruk og dreiv landhandel. Ho var nest yngst av seks søsken. Far deira, Møllerup Hansen Milde, var særs song- og musikkinteressert. Arngunna vaks opp i ein heim der det var dagleg kost å lytta til orgel og fiolinspel. Møllerupen hadde også ei særs god barytonrøyst. Yngste bror hennar, Leiv, vart ein meister på trekkspel og orgel. Sjølv fekk ho tidleg lære å spela orgel hjå Ingolf Skage som var organist i Fana. Seinare fekk ho undervisning i organistfaget ved den institusjonen i Bergen som i seinare vart nemnd som Bergen musikkonservatorium/ Griegakademiet i Bergen. Arngunna var organist i Hundvin kyrkje i mange år, og bidrog også med akkompagnement når det var arrangert i andre forsamlingshus i bygda. Ei tid hadde ho også kyrkjekor i Hundvin. Arngunna hadde vore elev ved Fana folkehøgskule, og hadde eit stort tilfang av songar som ho hadde lært der og heime. Folkeviseleiken og folkevisene lærde ho ma av Hulda Garborg og Klara Semb. Arngunna var fødd i 1917, men var svært open for nye retningar og musikalske uttrykk. I tillegg til kyrkjemusikk sette ho også jazzen høgt. Orgelspel og fele høyrde saman i kyrkja meinte ho. Difor samarbeidde ho under gudstenester med felespelaren Per Hundvin. Arngunna er kjelde for «Pusekatt, kor låg du i natt» og «So sudla ho mor på råkkjen sin». Opptak av desse er gjort i 1995 av dottera, Kjersti Møllerup Wiik. Orgelspel og fele høyrde saman i kyrkja meinte ho. Difor samarbeidde ho under gudstenester med felespelaren Per Hundvin. Arngunna er kjelde for «Pusekatt, kor låg du i natt» og «So sudla ho mor på råkkjen sin». Opptak av desse er gjort i 1995 av dottera, Kjersti Møllerup Wiik. Orgelspel og fele høyrde saman i kyrkja meinte ho. Difor samarbeidde ho under gudstenester med felespelaren Per Hundvin. Arngunna er kjelde for «Pusekatt, kor låg du i natt» og «So sudla ho mor på råkkjen sin». Opptak av desse er gjort i 1995 av dottera, Kjersti Møllerup Wiik.

«So sudla ho mor på råkkjen sin» er eit slåttestev til hallingen «Sullaren». I Nordhordland har slåttestevet også vorte brukt som barnesong. Ein finn ein annan versjon, «Ho mor ho spadn på røkkjen sin», etter Olav Skurtveit (1927-2021) frå Meland/Alver (sjå denne). Slåtten og stevet er kjent fleire stadar i landet, og har der mellom anna namnet «Hjurdingen» og «Hei, huskom i hei».

Ein nyttar ordet «slått» om ein song som vert spela på mellom anna fele. Slåttestev er korte tekststrofer til heile eller deler av ein slik slått. På Vestlandet har det vore ein rik tradisjon med å spele på hardingfele, og slåttesteva kunne fungere som hugselappar for spelemannen. Stundom song spelemannen slåttestevet før han spelte slåtten, eller midt inni. Slåttesteva har som regel to til fire linjer, men kan også vere lengre. Dei handlar gjerne om spelemenn, dansarar eller soger som kan knytast til slåtten. Slåttesteva vert også sunge utan at ein speler fele, og ofte trallar ein då resten av slåtten som det ikkje er tekst til. Mange gongar har det vorte tralla til dans når ein ikkje har spelemann.

Illustrasjon: Alexa Cristea

Illustrasjon: Alexa Cristea

Previous
Previous

So, ro godt badn

Next
Next

Sporven sat på låvadør