So rikka` me, so ror me
«So rikka me, so ror me» er eit barnevers som me kjenner mellom anna frå Fitjar (Horvei, 1999:56). Varianten etter Mariann er spennande, då den har ein del om å kjøpa sjokolade og drops som me ikkje kjenner frå andre versjonar! Det kan såleis verka som om den er sett saman av fleire små barnevers.
So, ro godt badn
«So, ro godt badn» er ein voggesong som finst i mange variantar over heile landet. Songen er eit døme på songar som er sett saman med element frå ulike songar. Første delen finst i folketradisjonen som ein eigen voggesong (m.a. Moe, 1877:48).
So sudla ho mor på råkkjen sin
«So sudla ho mor på råkkjen sin» er eit slåttestev til hallingen «Sullaren». I Nordhordland har slåttestevet også vorte brukt som barnesong.
Sporven sat på låvadør
«Sporven sat på låvadør» er eit lite barnevers som finst i fleire variantar over heile landet. I Støylen si bok med norske barnerim og leikar finst ein tekstvariant frå Gudbrandsdalen (Støylen, 1899). Den har også vore med utan meloditilvising i fleire lese- og skriveverk for småskulen på bokmål på 1930, 40-, 50- og 60-talet (m.a. Bergersen 1929, Olsen 1939 og Egner 1950).
Stonno e` mi gomma so go`
«Stonno e` mi gomma so go`» er slåttestevet til springaren «Nordfjorden». Slåtten vert spelt over heile landet, og er også kjent som mellom anna «Valdreskvelven».
Storavikamærræ
«Storavikamærræ» er eit lite barnevers fullt av tøysete ord! Me gjenkjenner nokre av dei frå verset «Tassa, tassa geitæ» etter Gunnhild Steinsland frå Modalen, som også er å finna her i Barnesongboka. Ein kan sjå dei som to variantar av ein song, då dei er ganske like i tematikken. Per og Gunnhild kom frå ulike stadar og me får såleis ulike utgåver av songane. Det gjer folkesongen unik.
Tassa, tassa geitæ
«Tassa, tassa geitæ» er eit lite barnevers fullt av tøysete ord! Me gjenkjenner nokre av dei frå verset «Storavikamærræ» etter Per Hundvin, som også er å finna her i Barnesongboka. Ein kan sjå dei som to variantar av ein song, då dei er ganske like i tematikken. Per og Gunnhild kom frå ulike stadar og me får såleis ulike utgåver av songane. Det gjer folkesongen unik.
Vedatjuven og Smalatjuven
«Vedatjuven» er eit slåttestev til reinlendaren «Sjuaren», eller også kalla «Rugen». Slåtten har fått namna sine frå to kjende turdansar.
Å korføre hev du no stelt deg so
«Å korføre hev du no stelt deg so» er slåttestevet til feleslåtten «Attegløyma». Ordet «attergløyma» tyder ei som er gløymt att, og viser til ei ugift kvinne som ein forventa skulle vera gift.
Å vetle gut`n i lio lurra
«Å vetle gut`n i lio lurra» finst i mange variantar i gamle Hordaland fylke. Her i boka finn du også «Den vesle gut´n i lie lurra» etter Anders N. Askeland frå Haus på Osterøy. Songen er eit nystev. Nysteva har vorte dikta etter 1700-talet.