Velkomen til Strilakultur.no

Du har no kome til ei digital plattform for strilakultur. Me håpar dette kan verte ein ressurs for å vidareformidle historia om strilane, deira song, musikk, dans, ord og uttrykk, skikkar og anna. Ved å vita noko om korleis folk før oss tenkte og levde, får me kunnskap og moglegheit til å reflektere over kva som er likt og ulikt før og no. Me trur at gjennom å forstå fortida, vil me betre kunne forstå vår eiga tid og betre forvalta ressursar for framtida.

Først ut i dette arbeidet er ei digital barnesongbok. Her kan du verta kjent med og lære deg songar frå vår lokale folkesongskatt. Gjennom hundrevis av år har desse songane vandra frå ein generasjon til den neste i kysttraktene kring Bergen, og akkurat no har songane kome til deg! Me håpar du får like stor glede av songane som me har og som me veit at våre forfedre har hatt før oss.

Songane i boka kjem frå Fedje i nord til Øygarden i sør (tidlegare Sund, Fjell og Øygarden kommune), frå Austrheim, Alver (tidlegare Meland, Lindås og Radøy kommune), Masfjorden, Osterøy og Askøy. Dette er typiske øysamfunn der hovudnæringa frå gamalt av har vore jordbruk og fiske. Området vert kalla «Strilelandet» og ein bebuar her vert omtala som «stril» (havstril). Me har samla nokre av dei gamle songane til strilane i denne boka.

Frå juni 2021 har Strilabiblioteket overteke ansvaret for drift og vedlikehald av strilakultur.no og tilhøyrande undersider.